Hjem
Studentsider
Masteremne

Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBIO207
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan næringsmiddelmikrobiologi og hygiene, med særleg vekt på tilhøve som er av relevans for sjømat. Dette målet søkjer ein å oppnå gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, laboratorieaktivitet inkludert journalføring, ekskursjon til tilverkingsanlegg for sjømat og studentpresentasjonar. Vidare er det eit mål å gi studentane ei grunnleggjande forståing for korleis ulike mikroorganismar og parasitter, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.

Studenten skal få innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for å oppnå god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat. Vidare vil en diskutere gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.

Studenten vil ha ei aktiv rolle i undervisninga, som for ein stor grad er basert på studentpresentasjonar av aktuelt fagstoff.

Ein viktig komponent i undervisninga er laboratoriekurset på til samen 20 timar. Gjennom laboratoriekurset får studenten innsyn i næringsmiddelmikrobiologiske analyser som er sentrale i vurderinga av den hygieniske standarden hos tilverkingsanlegg og i sjømatprodukt.

Det er også eit overordna mål å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gje dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

Læringsutbyte

Etter fullføring av emnet BIO207, skal studenten ha fått

  • forståing for sjømat som næringsmiddelresurs, og korleis mikroorganismar kan påverke kvalitet og tryggleik for produkt av sjømat.
  • ei grunnleggjande forståing korleis ulike mikroorganismar og parasittar, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.
  • innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for å oppnå god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat.
  • kjennskap til gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.
  • innblikk i næringsmiddelmikrobiologiske analyser som er sentrale i vurderinga av den hygieniske standarden hos tilverkingsanlegg og i sjømatprodukt.
  • innarbeidd gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik ved arbeid med humanpatogent smittestoff som Salmonella, Vibrio og Listeria.
  • kjennskap til korleis tilverking av sjømat føregår under kommersielle tilhøve gjennom ekskursjon til eit anlegg.
  • trening i å samla informasjon, strukturera ein presentasjon og leggja fram fagstoff .
  • delta i eit godt fagleg og sosialt miljø.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

  • BIO100 Innføring i evolusjon og økologi (10 sp)
  • BIO101 Organismebiologi 1 (10 sp)
  • BIO102 Organismebiologi 2 (10 sp)
  • BIO104 Komparativ fysiologi (10 sp)
  • KJEM110 Kjemi og energi (10 sp)
  • MOL100 Innføring i molekylærbiologi (10 sp)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminar og laboratoriekurs m/journal. Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldig i 6 semestre.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen
  • Eksamen er utvida til 7 timar

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleksamen

    Dato
    08.09.2020, 09:00
    Varigheit
    7.5 timer
    Trekkfrist
    25.08.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen