Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Næringsmiddeltoksikologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBIO209
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Vidarekomne bachelorstudentar og masterstudentar. Studentar på masterprogrammet i biologi blir prioriterte.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte må du kontakte Studieseksjonen (studie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Vennligst merk: BIO307A Næringsmiddeltoksikologi (5 sp) er "kortversjonen" av BIO307 Næringsmiddeltoksikologi (10 sp), og begge emna har same timeplan. I BIO307 er vurderingsforma skriftleg oppgåve m/presentasjon (50%) og munnleg eksamen (50%) Arbeidet med oppgåva gir studenten ei djupare forståing og kunnskap om fagområdet. I BIO307A er vurderingsforma kun munnleg eksamen (100%). 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til eventuelle toksiske effektar av tilsetjingsstoff og naturleg førekommande miljøgifter i næringsmiddel.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap

Studenten:

  • skal kunne definere toksikologi
  • skal kunne definere dei viktigaste framandstoffa i mat, toksikologien til diverse tilsetningsstoff og miljøgifter, samt kjeldene desse stammar frå
  • skal kunne forklare kva matvaretryggleik er og kva for stoff som har betyding for mattryggleik
  • skal kunne forklare kva risikoanalyse, vurdering og handtering i forhold til mattryggleik er, og kva for organisasjonar som er involvert i denne type arbeid nasjonalt og internasjonalt

Ferdigheiter

Studenten:

  • skal kunne anvende kunnskapen om tilsetningsstoff og miljøgifter innanfor andre område i ernærings- eller biologifaget
  • skal kunne beherske fagterminologi innanfor næringsmiddeltoksikologi (omgrep innanfor toksikologi, toksikokinetikk (omsetning av kontaminantar) og toksikodynamikk (effekten av kontaminantar))

Generell kompetanse

Studenten:

  • skal kunne tolke vitskaplege tekstar, som t.d. artiklar innanfor toksikologi
  • skal kunne skrive ei vitskapleg oppgåve om næringsmiddeltoksikologi
  • skal kunne formidle toksikologisk kunnskap om næringsmiddel gjennom ei munnleg framføring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Det er 5 studiepoeng overlapp med BIO307A Næringsmiddeltoksikologi (5 sp), som er "kortversjonen" av BIO307 Næringsmiddeltoksikologi (10 sp).

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Studentar på masterprogrammet i biologi blir prioriterte.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Skriftleg oppgåve.
  • Munnleg presentasjon av oppgåve.

Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldige i 6 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart gjennomført i. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjend for å kunne ta eksamen.

Vurderingsformer

  • Obligatorisk skriftleg oppgåve m/munnleg presentasjon, utgjer 50% av endeleg karakter.
  • Munnleg eksamen, utgjer 50% av endeleg karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F, der A er den beste beståtte karakter og F er stryk/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Det er munnleg eksamen begge semester. I semester utan undervising blir munnleg eksamen arrangert tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Emneevalueringar finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten til emnet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitskap (studie.bio@uib.no).