Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Næringsmiddeltoksikologi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBIO209A
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Vidarekomne bachelorstudentar og masterstudentar. Studentar på bachelorprogrammet i human ernæring vert prioritert.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MNfakultetet.Fristen for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte må du kontakte Studieseksjonen (studie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.  

Vennligst merk: BIO209A Næringsmiddeltoksikologi (5 sp) er "kortversjonen" av BIO209 Næringsmiddeltoksikologi (10 sp), og begge emna har same timeplan. I BIO209 er vurderingsforma skriftleg oppgåve m/presentasjon (50%) og munnleg eksamen (50%) Arbeidet med oppgåva gir studenten ei djupare forståing og kunnskap om fagområdet. I BIO209A er vurderingsforma kun munnleg eksamen (100%). 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til eventuelle toksiske effektar av tilsetjingsstoff og naturleg førekommande miljøgifter i næringsmiddel. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap

Studenten:

  • skal kunne definere toksikologiskal kunne definere dei viktigaste framandstoffa i mat, toksikologien til diverse tilsetningsstoff og miljøgifter, samt kjeldene desse stammar frå
  • skal kunne forklare kva matvaretryggleik er og kva for stoff som har betyding for mattryggleik
  • skal kunne forklare kva risikoanalyse, vurdering og handtering i forhold til mattryggleik er, og kva for organisasjonar som er involvert i denne type arbeid nasjonalt og internasjonalt

Ferdigheiter

Studenten:

  • skal kunne anvende kunnskapen om tilsetningsstoff og miljøgifter innanfor andre område i ernærings- eller biologifaget
  • skal kunne beherske fagterminologi innanfor næringsmiddeltoksikologi (omgrep innanfor toksikologi, toksikokinetikk (omsetning av kontaminantar) og toksikodynamikk (effekten av kontaminantar))

Generell kompetanse

Studenten:

  • skal kunne tolke vitskaplege tekstar, som t.d. artiklar innanfor toksikologi

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Det er 5 studiepoeng overlapp med BIO307 Næringsmiddeltoksikologi (10 sp), som er "langversjonen" av BIO307A Næringsmiddeltoksikologi (5 sp).

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller Det medisinske fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava. Studentar på bachelorprogrammet i human ernæring vert prioritert.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

  • Munnleg eksamen, utgjer 100% av endeleg karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F, der A er den beste karakteren og F er stryk.

Vurderingssemester

Det er munnleg eksamen begge semester. I semester utan undervising blir munnleg eksamen arrangert tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Emneevalueringar finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten til emnet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap (studie.bio@uib.no).