Evolusjonsbiologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeBIO210
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor & Master
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Mål og innhald
Målet er å gi forståing for korleis evolusjon fungerar og basiskunnskap til dei viktigaste problemstillingane i evolusjonsbiologi. Emnet gir ei innføring i evolusjonsbiologi, bl.a. populasjonsgenetikk og kvantitativ genetikk, naturleg utval, tilpasing, seksuell seleksjon, slektskapsseleksjon, livshistorie evolusjon, artsdanning, molekylær evolusjon og fylogenetiske analyser.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Ein student som har fullført emnet skal ha solid kunnskap om:
- Fitness, måleininga for seleksjon, og korleis denne kan bli målt empirisk
- Årsakene til genetisk variasjon; utval i ulike former; arv; korleis desse prosessane saman resulterer i tilpassing
- Populasjonsgenetikk; korleis seleksjon, mutasjon, migrasjon (genflyt) og innavl påverkar den genetiske strukturen til populasjonar; genetisk drift, den andre viktige evolusjonære krafta
- Fylogenetisk tenking; korleis nye artar oppstår; dei viktigaste konsepta om artar
- De evolusjonære kostnadane og fordelane ved sex
- Studiet av kvantitative karakterar og samspelet mellom arv og miljø
- Utvikling av livshistorier, inkludert parasitter og deira epidemiologiske konsekvensar
- Korleis evolusjonær tenking gir oss innsikt i menneskelege helseutfordringar
- Evolusjonen av tidlege menneske
- Evolusjon og utvikling; korleis likskap og forskjellar i kroppar oppstod på kryss av livets tre (EvoDevo)
Ferdigheiter:
Etter fullført emne kan studenten:
- Motargument mot evolusjon; kunne kritisk vurdere populariserte tekster som tar opp evolusjonære emne eller brukar evolusjonær argumentasjon
- Formulere solide, testbare evolusjonære hypotesar for ei rekke biologiske fenomen
- Lese og forstå mykje av den sekundære og primære forskingslitteraturen innan evolusjonsbiologi
- Bruke evolusjonære prinsipp i eiga forsking
Generell kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten:
- Ha ei betre forståing av korleis evolusjonsvitskap generer kunnskap ved hjelp av hypotesetesting, systematiske observasjonar og den komparative metoden
- Betre kunne skilje vitskapleg argumentasjon frå uvitskapleg argumentasjon
- Ha fått erfaring med ulike læringsmetodar (lesing, diskusjonar, føredrag, videoar, datasimuleringar) i biologi
- Kunne bruke evolusjonsbiologi som eit kraftfullt verktøysett for å undersøke nåverande endringar i biodiversitet og adressere framtidige utfordringar
Krav til forkunnskapar
Obligatoriske emne i bachelorgrad i biologi, eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Obligatoriske deler av bachelorgraden i biologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger og obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
- Digitale oppgåver (20% av karakteren).
- Skriftleg deleksamen (40% av karakteren).
- Munnleg eksamen (40% karakteren).
Alle dei tre vurderingane må gjennomførast i undervisningssemesteret for å få karakter i emnet og er berre gyldige i semesteret dei blir gjennomført i.
Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Studentevalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Deleksamen, munnleg slutteksamen og obl. innleveringar
- Trekkfrist
- 27.02.2023
Eksamensdel: Munnleg slutteksamen
Eksamensdel: Deleksamen - Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 13.03.2023, 09:00
- Varigheit
- 3 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 2. etg.