Hjem
Studentsider
Masteremne

Generell mikrobiologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeBIO214
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Engelsk ved behov
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Mål og innhald

Emnet gir en innføring i hovedgruppene av prokaryote mikroorganismer (bakterier og arkeer) og virus; deres systematikk, fysiologi og genetikk / molekylærbiologi. Energimetabolisme, regulering, genoverføring og mikrobiell diversitet / evolusjon er sentrale tema. Mikroorganismenes rolle i biogeokjemiske syklusar, bioteknologi og medisin blir også belyst.

Laboratoriekurset gjev ei innføring i grunnleggjande mikrobiologiske teknikkar og arbeidsmetodar som å anrike, dyrke, mikroskopere, isolere, karakterisere og identifisere mikroorganismar, samt genetisk analyse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • oversikt over viktige hovedgrupper av bakterier og arkeer, og kjenner til deres spesielle biololgiske egenskaper, tilpasninger og habitater, samt evolusjonsmessige aspekter
  • oversikt over mikroorganismenes næringskrav, metabolisme og vekst
  • oversikt over mangfoldet av virus (fokus på bakterievirus?) og deira eigenskapar og replikasjon

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke sterilteknikk og handtere ulike mikroorganismer på en sikker måte i laboratoriet
  • dyrke og isolere mikroorganismar
  • kunne identifisere mikroorganismer ved bruk av fysiologiske og genetiske metodar
  • kan behandle data frå mikrobiologiske eksperiment, og gjere naudsynte berekningar
  • kan presentere mikrobielle undersøkjingar/eksperiment skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten kan

  • anvende et presist fagspråk til å beskrive og diskutere tema knytt til mikrobiologi
  • demonstrere evne til å fungere individuelt og i samarbeid med andre under gjennomføring av laboratorieoppgaver

Krav til forkunnskapar

Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du får problem med å melde deg til emnet, men meiner du har forkunnskapskravet.

Studiepoengsreduksjon

5 SP overlapp med BIO215 og 5 SP overlapp med BIO218 (gamle emne). Ta kontakt med studierettleiar (studie@bio.uib.no) dersom du har teke BIO215 og/eller BIO218.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. andre opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og laboratorieøvingar.

Førelesningar: 4 timar pr. veke i 8 veker (totalt 32 timar)

Laboratorieøvingar: 4 timar, 3 dagar i veka i 3 veker (totalt 36 timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på laboratorieøvingar. Godkjent skriftleg laboratoriejournal. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 4 påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er skriftleg digital eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil være klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Studentevalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no