Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Toksikologi

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

 Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte Studieseksjonen (studie@bio.uib.no).

Mål og innhald

Det teoretiske grunnlaget for toksikologi vil bli gjennomgått og det vil bli lagt vekt på forskjellige mekanismar for biologiske system sine reaksjonar på toksiske forbindingar. Kurset tek opp emne som toksikologien si historie, absorpsjon, distribusjon og utskiljing av framandstoff, biotransformasjon, kreftframkallande stoff, organtoksikologi, nevrotoksikologi, næringsmiddeltoksikologi, industriell toksikologi, økotoksikologi, toksisitetstesting og risikovurdering. Deler av undervisinga vil baserast på publiserte artiklar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- definere og forklare sentrale begreper i toksikologien

- beskrive viktige prosesser som påvirker giftighet av fremmedstoffer i en

organisme

- gjøre rede for grunnleggende problemstillinger fra ulike deler av

toksikologifaget

- drøfte utvalgte fagartikler og presentere toksikologisk kunnskap gjennom

muntlig fremføring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MOL100 og MOL200, KJEM120, KJEM130, BIO100, BIO101, BIO103.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar, øvingar og prosjektoppgåver. Emnet inkluderer ei midtsemesterprøve som utgjer 3 sp av den totale arbeidsmengda.

Vurderingsformer

Digital Skriftleg eksamen (4 timar). Ingen hjelpemiddel.

Våren 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    15.06.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.06.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen