Botanisk systematikk, morfologi og evolusjon
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeBIO230
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår. Emnet blir ikkje undervist våren 2023.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet vil gje studentane ei innføring i mangfaldet hos frøplantene med fokus på systematikk og evolusjon. Gjennomgang av evolusjonære slektskapsforhold og morfologiske karaktertrekk for dei viktigaste frøplantegruppene inkludert kulturplantane. Det blir lagt særleg vekt på kulturplanter. Studentane vil få praktisk erfaring i grunnleggjande molekylære og fylogenetiske metodar.
Læringsutbyte
Etter fullført kurs skal studentane kunna:
* forstå og beskriva plantenes mangfald, evolusjon, klassifisering og utbreiing.
* forstå og beskriva plantenes morfologi frå eit evolusjonært og systematisk perspektiv.
* kjenna igjen og namnsetja eit utval av slekter og viktige plantegrupper.
* gjennomføra molekylærsystematisk arbeid og enklare fylogenetisk analyse.
* utføra botanisk feltarbeid og innsamling av materiale.
Krav til forkunnskapar
BIO101 Organismebiologi 1 og BIO102 Organismebiologi 2, eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Obligatoriske deler av bachelor i biologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger og laboratoriearbeid. Labdagane vil skje på Lønningen gård
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, laboratorieundervising, ekskursjonar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Laboratorieoppgåver (morfologi og molekylær), munnleg presentasjon og ekskursjonar, inklusive innsamling. Tal på semesteraktivitetane er gyldige: 4.
Vurderingsformer
Mappeevaluering. Fylgjande inngår i mappa:
- Godkjent labjournal.
- Godkjent prosjektarbeid
- Presentasjon av karplantegruppar.
- Litteraturquiz.
Kvar del tel 25 %.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no