Botanisk systematikk, morfologi og evolusjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil gje studentane ei innføring i mangfaldet hos frøplantene med fokus på systematikk og evolusjon. Gjennomgang av evolusjonære slektskapsforhold og morfologiske karaktertrekk for dei viktigaste frøplantegruppene inkludert velkjente planter fra den lokale floraen, fra viktige vegetasjonsområder i verden eller som kulturplantar.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane kunna:
  • forstå og beskriva plantenes mangfald, evolusjon, klassifisering og utbreiing.
  • forstå og beskriva plantenes morfologi frå eit evolusjonært og systematisk perspektiv.
  • kjenna igjen og namnsetja eit utval av slekter og viktige plantegrupper.
  • utføra botanisk feltarbeid og innsamling av materiale.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår-haust. Emnet startar i slutten av vårsemesteret, og avsluttast i slutten av haustsemesteret.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Milde
Krav til forkunnskapar
BIO101 Organismebiologi 1 og BIO102 Organismebiologi 2, eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Obligatoriske deler av bachelor i biologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger og laboratoriearbeid. Labdagane vil skje på Lønningen gård
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Laboratorieoppgåver (morfologi), munnleg presentasjon og ekskursjonar.
Vurderingsformer

Mappeevaluering. Fylgjande inngår i mappa:

  1. Godkjent labjournal.
  2. Presentasjon av frøplantegruppar.
  3. Litteraturquiz.

Kvar del tel 1/3

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Høst
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.