Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Systematikk og evolusjon av marine evertebratar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Vidarekomne bachelorstudentar og masterstudentar.

Undervisningssemester

Haust partalsår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

«Systematikk og evolusjon av marine evertebratar» er ei reise gjennom Livets tre til Metazoa (dyreriket), og gir ei omfattande oversikt over mangfaldet av virvellause dyr (fyla), morfologiske eigenskapar og dei mest oppdaterte hypotesene om evolusjonære forhold basert på molekylær fylogenetikk.

Ei rekkje laboratorieaktivitetar gir studentane praktisk erfaring og moglegheit til å utforske morfologien til ei stor gruppe med viktige representantar for dyreriket, gjennom observasjon av levande og bevarte prøver, anatomiske disseksjonar, tolking av anatomiske lysbilete, optisk mikroskopi og elektronmikroskopi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • vil lære om heile mangfaldet og økologien til fyla i dyreriket
  • skal tileigne seg kunnskap om prinsippa for taksonomi, evolusjon og fylogenetisk teori
  • vil lære å tolke Livets Tre og forholdet mellom fyla i dyreriket, frå svampar til protokordatar

Ferdigheiter

Studenten:

  • vil kunne beskrive morfologien og anatomien til dei ulike fyla av til virvellause dyr og korleis dei er tilpassa livsmiljøet
  • skal tileigne seg kompetanse om grunnleggjande anatomiske disseksjons- og teikneteknikkar
  • skal tileigne seg kompetanse om optiske og elektronmikroskopiteknikkar
  • vil kunne organisere, strukturere og setje saman ein munnleg presentasjon til eit vitskapleg møte

Generell kompetanse

Studenten:

  • vil tileigne seg kompetanse til å forstå og diskutere motstridende hypoteser om utviklinga av Livets Tre for dyreriket
  • vil kunne forklare konsepta og omgrepa som ligg til grunn for fylogenetiske klassifikasjonar og hypoteser
  • vil anerkjenne potensialet til elektronmikroskopi for morfologiske og evolusjonære studium av dyr
  • vil utvikle ei kritisk haldning til vitskapleg litteratur (artiklar)
  • vil forstå dynamikken i den vitskaplege prosessen som ligg til grunn for formuleringa av vitskaplege hypoteser

Krav til forkunnskapar

Obligatoriske emne i bachelorgrad i biologi, eller tilsvarande emne.

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande emne i organismebiologi, t.d. BIO101, BIO102).

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar og laboratorieaktivitetar med praktiske anatomiske disseksjonar, og sesjonar med optisk- og skanningelektronmikroskop.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Oppmøte på forelesingar.
  • Oppmøte og presentasjon på seminar.
  • Oppmøte og deltaking i alle laboratorieøvingar, inkl. laboratoriejournal.

Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldige i 6 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart gjennomført i. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjend for å kunne ta eksamen.

Vurderingsformer

Mappeevaluering, som består av:

  • Skriftleg digital eksamen, utgjer 50% av endeleg karakter.
  • Godkjent laboratorierapport, utgjer 35% av endeleg karakter.
  • Presentasjon på seminar*, utgjer 15% av endeleg karakter.

*Det vil bli arrangert ein seminardag der alle studentane skal halde ein munnleg presentasjon (15 min + 5 min for diskusjon) om eit gitt tema (dyregruppe vald av studenten). Seminardagen gir studentane moglegheita til å trene på førebuing og presentasjon av seminar på vitskaplege møte.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F, der A er den beste karakteren og F er stryk/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Det er skriftleg digital eksamen kvart semester. I semester utan undervising blir skriftleg eksamen arrangert tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Emneevalueringar finn du i studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten til emnet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitskap på e-postadresse: studie.bio@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering + skriftleg skuleeksamen

    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.05.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen