Palaeoøkologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Paleoøkologi er studiet av økologien i fortida der ein brukar ulike typar fossil funne i avsetjingar som eit indirekte bevis for artsamansetning i tidlegare tider, artsutbreiing og deira etablering etter istida, og korleis miljø, klima og menneskeleg påverknad på landskapet har vore med på å forme desse endringane. Målet med emnet er å formidle heilskapleg forståing for generelle og spesielle hendingar og tema der paleoøkologiske metodar kan nyttast for å få kunnskap om desse. Tidsskalaer blir rekonstruert ved ulike dateringsmetodar. Tema kan dekke heile jorda si historie, men fokus er sett på utvikling og endringar i som har funne stad i den mellomistida vi er inne i no, holosen.

Det vert lagt vekt på utvikling av praktiske ferdigheiter og presentasjon av eigne dta som kjem fra. Emnet nyttar artiklar og nettressursar til undervisning i førelesningar, felt- og labkurs, seminardiskusjonar og klasseaktivitetar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

KunnskapStudenten

  • kan definere sentrale omgrep innan paleoøkologi og kjenne til breidd og mangfald innan fagområdet.
  • kan planlegge og gjennomføre ei enkel paleoøkologisk studie
  • kjenne til ulike metoar og strategiar for innsamling av data
  • kan bruke relevante typar data til paleoøkologiske studie med ulike tema
  • kan bruke sin kunskap til å kopla ulike typar data og studiar med ulik tidsskala

FerdigheiterStudenten

  • kan formulere forskingsspørsmål og planlegge og gjennomføre enkelt feltarbeid i forhold til spørsmålet
  • kan samle inn materiale med russerbor
  • kan identifisere og skildre ulike typar sediment og ulike typar fossil (t.d. pollen og plantemakrofossil) og vite deire miljømessige betyding
  • kan framstille eigne data i tabelar og figurer og tolke eigne data på ulik tids- og romleg skala
  • kan gjennomføre søk etter relevant litteratur og presentere hovudfunna for andre på emnet

Generell kompetanseStudenten

  • kan finne relevant litteratur som belyser aktuelle problemstillingar innan paleoøkologi
  • kan diskutere ulike studiar og utveksle synspunkt i faglege diskusjonar
  • kan demonstrere evener til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
  • kan presentere, diskutere og vurdere primærkjelder og eigne data

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master og bachelor (vidarekomne)

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på MittUiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Grunnleggjande emne i biologi, med vekt på økologi og evolusjon.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning gis i form av førelesningar, feltkurs, lab-arbeid, diskusjonar og student presentasjonar

Førelesning/ 4 tmer pr. veke i 14 veker (dette inkluderer også diskusjonar og presentasjonar

Feltkurs/ 3 dagar

Laboratoriearbeid/ 6 timer i 1 veke (felles) + heile dagar i inntil 2 veker (i grupper).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Forskningsoppgave (inkluderer feltkurs, labarbeid, presentasjon av resultater i en poster), deltaking i diskusjonar og øvingar og hjemmeeksamen.

Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldig i 6 semestre.

Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer.
  • Prosjektarbeid og presentasjon utgjer 25 % av karakteren
  • Skriftleg digital heimeeksamen, utgjer 75 % av karakteren
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Haust. (Vurdering kun i undervisingssemester)
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson fnn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studie@bio.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.