Fiskehistopatologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet for emnet er å gi en innføring i fiskenes mikroskopiske anatomi (histologi) både for normal og sjuk fisk, med hovudvekt på teleoster brukt i norsk oppdrett. Kurset er delt i to delar, der den første delen omhandlar fiskenes normale (ikkje patologiske) histologi. Her vil morfologien og oppbygginga til alle vevstypar og viktige organ bli gjennomgått. I den andre delen vil vi gi en innføring i korleis skada vev og patologiske organforandringar ser ut mikroskopisk (histopatologi). Vi vil først gi en introduksjon til generell histopatologi og histopatologiske vevsforandringar i ulike organ hos fisk. Deretter vil vi gå gjennom korleis dette spesifikt ser ut ved nokon aktuelle sjukdommar hos fisk i oppdrett, med hovudvekt på norske forhold.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane kunne identifisere alle vevstypar, og alle viktige organ må kunne gjenkjennes og oppbygginga må kunne beskrivast basert på mikroskopiske snitt. I patologidelen må studenten kunne beskrive generelle histopatologiske forandringar og kunne gi en histopatologisk grunngitt diagnose for aktuelle sjukdommer. Studenten må kunne skilje mellom histologien til friskt og sjukt vev, samt skilje mellom vevsskadar som oppstår ved sjukdom og som følger av dårleg preparering (artefakter).  

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master/phd

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Hele emnet undervisast på mikroskopisk kurssal, der en rekke snitt skal mikroskoperast og scanningar av snitt skal sjåast på digitalt. Disse skal illustrerast i en journal. På slutten av kurset skal vi løyse og presentere kasus frå oppdrettsnæringa.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Forelesingar og laboratoriekurs med journal. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester.
Vurderingsformer
Munnlig eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervising blir eksamen arrangert tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Aina-Cathrine Øvergård
Administrativt ansvarleg
Det Matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.