Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Feltkursundervisning

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBIO297
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår-haust. Emnet startar i slutten av vårsemesteret, og avsluttast i slutten av haustsemesteret.

Slik søker du:

  • Fyll ut dette søknadsskjemaet innan 15. mars.
  • Du får svar på søknaden på e-post etter søknadsfristen.
  • Studentane som får opptak vil bli manuelt meldt opp til emnet på Studentweb i etterkant av opptaket.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane erfaring i undervisning av andre studenter og i å rettleiie studentar i felt. I tillegg vil det gjennom for- og etterarbeid leggast opp til at studentane får eit bevisst forhold til undervisninga.

Kurset bestå av tre deler.

Del 1 - Innføring:

Oppstartsmøter med førebuingar til jobben som undervisningsassistent. Her vil me gå gjennom kva sjølve jobben går ut på (kva som skjer på feltkurset og kva som er forventningane til assistentane), og gje ei kort pedagogisk innføring retta inn mot oppgåvene ein har som assistent på feltkurs. Me kjem tilbake med tidspunkt for desse møtene når me veit kor mange studentar som skal ta emnet og finn tidspunkt som passar for alle i april-mai.

Del 2 - Feltkurs til Østerbø:

Den andre delen er at ein blir med som assistent på kurset i 2 veker (måndag til torsdag i veke 34 og 35). Oppgåvene på feltkurset inkluderer å hjelpe studentane med identifisering av dyr og planter, rettleiie studenter med prosjektoppgåvene, og ha ansvar for ei gruppe studenter i kvar feltveke. Oppgåvene til assistentane vil kunne variere frå veke til veke.

Del 3 - Rapport:

Den tredje og siste delen består i å skrive ein rapport med utgangspunkt i feltkurset og relevant faglig og pedagogisk litteratur. Temaet for rapporten vil bli diskutert med leiarane på kurset i løpet av innføringsdagen og i løpet av feltkurset. Aktuelle tema kan vere korleis spesifikke deler av feltkurset fungerer, forslag til korleis ein kan forbetre feltkurset eller korleis studentane opplever læringsutbyttet av hele eller spesielle deler av feltkurset. Emnet blir avslutta i haustsemesteret.

Spørsmål? Ta kontakt med studieseksjonen på e-post: studie@bio.uib.no.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • Formidle kunnskap tilegnet gjennom biologistudiet til lågaregradsstudentar.
  • Beskrive ulike metodar for formidling av kunnskap og drøfte læringsmetodar og læringsutbytte av eit feltkurs.
  • Rettleie studenter i felt.

Krav til forkunnskapar

BIO102 Organismebiologi 2, eller tilsvarande emne.

Emnet har eit avgrensa antal plassar og inngår i undervisingsopptaket. Opptak til emnet er begrenset og blir gjort på grunnlag av fagbakgrunn, karakter og motivasjonsbrev.

Tilrådde forkunnskapar

Obligatoriske delar av bachelor i biologi, eller tilsvarande. Emnet er for vidarekomne bachelorstudentar, lektorstudentar og masterstudentar med solid bakgrunn i biologi.

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

To bolkar med undervisning i slutten av vårsemesteret og to veker med feltkurs på hausten (veke 34 og 35).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på undervisning.
  • Deltaking på feltkurs (2 veker).

Vurderingsformer

Mappevurdering: innlevering av rapport.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no.