Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Yrkespraksis i biologi II

Undervisningssemester

Vår.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Mål og innhald

Mål:
Praksisopphaldet skal bidra til at studenten opplever verdien av den faglege kompetansen i biologi for aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Innhald:
Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i bedriftene dei er utplasserte i, og får oppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og bedriftene sine behov.

Slik søker du:

  1. Finn ut kor du kunne tenke deg å ha praksis ved å lese beskrivinga av alle prosjekta hos bedriftene. Tips! Du kan lese om erfaringane til tidligare studentar på praksisbloggen Biologipraksis UiB.
  2. Meld deg på BIO298 på Studentweb innan fristen for emnepåmelding.
  3. Fyll ut søknadsskjemaet for praksis innan fristen for emnepåmelding. Her vel du tre alternativ for praksisplass.
  4. Dersom du får plass, blir du kontakta av emneansvarleg og du blir manuelt meldt til eksamen.
  5. Delta på oppstartsmøtet ved semesterstart. Sjekk timeplanen her på emnesida eller på Mitt UiB for dato og stad.

Meir informasjon om emnet finn du her.

Spørsmål? Ta kontakt med Studieseksjonen (studie@bio.uib.no).

Omfang:
Totalt ca. 250 timar. Minimum 140 timar skal vere arbeid hos praksisverten. Studentane skal også skrive fire blogginnlegg, eit refleksjonsnotat, møte til to samlingar (informasjonsmøte og midtsemestermøte) og gje ein kort presentasjon av praksisopphaldet sitt. Praksisrapport må få karakter "Bestått" for at ein skal bestå emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført praksis skal studentane

  • ha fått generell arbeidserfaring og konkret bransjeerfaring
  • ha fått innblikk i arbeidsoppgåver i organisasjonar, etatar, og næringsliv som kandidaten etter fullførte studiar skal vere i stand til å løyse
  • kombinere teori med erfaringsbasert læring
  • reflektere over forholdet mellom teori og praksis
  • arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
  • beskrive korleis ein bedrift/organisasjon organiserer arbeidet
  • bruke biologisk kunnskap på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
  • oppsummere eit arbeid i form av ein prosjektrapport

Krav til forkunnskapar

60 SP i biologi.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. andre opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk informasjonsmøte.
  • Obligatorisk midtsemestermøte.
  • Obligatorisk praksisopphald (min. 3 veker).
  • Obligatorisk presentasjon av praksisopphaldet.

Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for at ein skal få vurdering av praksisrapporten, som gjev karakter i emnet.

Vurderingsformer

  • Praksisrapport, utgjer 100% av total karakter.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått.

Vurderingssemester

Det er innlevering og vurdering av rapport i semesteret ein utfører praksisopphaldet i.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Studentevalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Praksisrapport

    Trekkfrist
    01.05.2018