Hjem

Utdanning

Masteremne

Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett

Undervisningssemester

Haust.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje studentane den kunnskapen som trengs for å planleggje ein grunnleggjande vitskapleg studie, utføre relevante statistiske analysar, tolke resultat og rapportere desse i skriftlege og munnlege format. Emnet er ein introduksjon til formulering av hypotesar, utforming av forskingsprosjekt og vitskapleg skriving. Studentane vil få erfaring med vitskapleg rapportering ved å halde oversikt over metodar og resultat basert på eigne datasett for feltprosjekt.

Emnet inneheld to modular:

  • Modul 1: Prosjektrapport og presentasjon
  • Modul 2: Etikk, vitskapleg skriving og munnleg presentasjon, kritisk lesing

Forelesingane vil dekke formelle sjangerkrav, inkludert tekststruktur, språk, tabellar og figurar, siteringar, etc., samt praktiske tips. Studentane vil også få praktisk erfaring gjennom å vurdere skriftleg handverk i publiserte artikler, og gjennom å presentere sine funn munnleg i ulike format. Etiske utfordringar i forskninga og rollen som forskar vil bli behandla i gruppediskusjonar.

Læringsutbyte

Modul 1:
I denne modulen skal studentane få førstehands praktisk erfaring med alle fasar av eit forskingsprosjekt, frå planleggjing og innsamling/prøvetaking gjennom feltarbeid, dataanalyse, statistikk, rapportskriving og kommunikasjon med relevante målgrupper gjennom rapportar og presentasjonar.

Etter å ha gjennomført denne modulen skal studentane kunne planleggje og gjennomføre alle fasar av sitt eige forskningsprosjekt på masterprogrammet.

Modul 2:
I denne modulen vil studentane bli introduserte for dei grunnleggjande stega for å skrive vitskaplege avhandlingar og artiklar, og for å halde munnlege presentasjonar av forskingsresultat. Forelesingane vil dekke formelle sjangerkrav, inkludert tekststruktur, språk, tabeller og figurar, sitering, etc., samt praktiske tips. Studentene vil også få praktisk erfaring gjennom å evaluere tekst i publiserte artikler, og gjennom å presentere sine funn munnleg. Etiske utfordringar med å drive med forsking og det å vere forsker vil bli behandla i gruppediskusjonar.

Etter å ha gjennomført denne modulen skal studentane kunne skrive om eigne forskingsprosjekt i ei avhandling eller i eit artikkelformat, og dei skal kunne presentere sine forskingsresultat effektivt i ein munnleg presentasjon.

Krav til forkunnskapar

Bachelor i biologi eller tilsvarande. Det er eit krav for opptak til emnet at du er tatt opp til masterprogram ved Institutt for biovitenskap.

Tilrådde forkunnskapar

STAT101

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Feltforsøk, rapport og presentasjoner. Obligatoriske aktiviteter gyldige i 1 semester.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Mappeevaluering - kun eksamen i undervisingssemester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    01.11.2018