Akademisk skriving
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeBIO300A
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gje studentane den kunnskapen som trengs for å skrive ei masteroppgåve og ein vitskapleg artikkel, med vekt på IMRaD-formatet. Emnet har praktiske øvingar i vitskapleg skriving, å samarbeide om å skrive og presentere forskingsresultat, og i å gi (og få) tilbakemelding på skriftlege arbeid (peer review).
Emnet vil dekke delene i ein IMRaD artikkel, inkludert tekststruktur, språk, siteringar, etc., samt akademisk skriving og samskriving, produksjon av figurar, innsamling av data, etikken i akdemisk skriving og praktisk bibliotekstrening. Studentane skriv ein IMRaD-artikkel dels i ei gruppe og dels som ei individuell oppgåve.
Læringsutbyte
Etter å ha tatt dette emnet skal studentane vere i stand til å
- skrive ei masteroppgåve i IMRaD-formatet
- stille eit forskingsspørsmål, formulere ei hypotese, samle relevante data og lage figurar
- skrive ein vitskapleg tekst med flyt og stil, med kritisk bruk av kjernelitteratur
- presentere eit forskingsprosjekt i ulike format
- arbeide med andre for å forbetre eit tekstutkast
Krav til forkunnskapar
Bachelor i biologi eller tilsvarande. Det er eit krav for opptak til emnet at du er tatt opp til masterprogram ved Institutt for biovitenskap.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
BIO300: 5 studiepoeng
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Datainnsamling, rapport og presentasjonar. Obligatoriske aktivitetar gyldige i 1 semester.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått-
Vurderingssemester
Mappeevaluering - kun eksamen i undervisingssemester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Trekkfrist
- 01.11.2022