Hjem
Studentsider
Masteremne

Havforsking

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen og eit forskningstokt til byfjordane og Nordsjøen.

Mål og innhald

Dette er eit breitt kurs i moderne havforsking, med hovudvekt på fiskeri- og marinbiologiske metodar. Kurset inneheld modular med faunistikk og strandsoneøkologi, tokt med forskingsfartøy, teori og observasjonsmetodikk i felt, og opplæring i i toking av modellar og analyse av feltdata.

Emnet består av fire modular:

  • Modul 1 - Marin bentisk fauna (praktisk)
  • Modul 2 - Biologisk oseanografi (teoretisk)
  • Modul 3 - Marinøkologiske feltmetodar (praktisk)
  • Modul 4 - Fiskeriøkologi (teoretisk)

Den teoretiske modulen gir ei innføring i biologisk oseanografi, grunnlaget for produksjon i havet og intoduksjon til utvalde marine økosystem og modellar.

I dei praktiske bolkane vil feltkurs med forskingsfartøy i Nordsjøen og i fjordane på Vestlandet, samt feltstudiar i kystområde, gi innføring i planlegging av forskingsprosjekt og innsikt i levevis og økologi til dei viktigaste artane. Prøvetaking og opparbeiding av marine feltdata, samt data-analyse og modellering, vil gi opplæring i sentrale forskingsmetodar for studiar av mengdemåling og observasjon av marine artar. Innan feltdesign vil det bli gjennomgått ulike teknikkar, føremål og døme på innsamling av marine data og akustisk observasjonsmetodikk, samt styrke og svakheiter til desse.

Feltdesign inkluderer måtar å samle inn typiske havforskings- og miljødata: survey, akustikk, tidsseriar, ROV, i tillegg til prosess- og kartleggingsstudiar. Koplinga mellom survey og akustikk inngår også i emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne/ha fylgjande læringsutbyte:

  • forstå modellverktøy for å studere drivkreftene for produksjon i havet
  • forstå korleis fysiske og kjemiske prosessar og romlege strukturar påverkar biologiske interaksjonar og utbreiing av organismar
  • ha kunnskap om utvelde habitat og oppvekstområde for marine organismar og ha oversikt over økologi og organismar nær kysten og i havet
  • kunne bruke bestemmingslitteratur til å identifisere vanlege norske marine evertebrater og fisk
  • ha basal kjennskap til biosystematisk metodikk
  • kunne planlegge og gjennomføre feltarbeid med utgangspunkt i forskingsspørsmål
  • ha grunnleggjande kjennskap til dei vanlegaste metodane for innsamling av feltdata innan moderne havforsking
  • kunne forklare og vurdere prinsippa bak dei ulike metodane for innsamling og opparbeiding av feltdata , samt styrkar og svakheiter ved desse
  • kunne opparbeide, registrere, bearbeide, grafisk framstille, analysere statistisk innsamla feltdata og tolke resultat
  • kunne kommunisere vitskaplege funn frå feltstudiar med presentasjonar og skriving av vitskapleg artikkel
  • ha kjennskap til grunnleggjande effektar av fiskeri og hausting av marine biologiske ressursar
  • forstå og vurdere uvisse i estimat, innsamling av data og modellar og kva dette betyr for rådgjeving
  • ha lært å arbeide og fungere i team om bord i forskingsskip og gjennomføre feltarbeid på ein trygg måte

Krav til forkunnskapar

Bachelor i biologi

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor i biologi, samt grunnkurs i matematikk og statistikk og kjennskap til bruk av rekneark av type Excel, og statistikkprogram av type R eller liknande. Dei obligatoriske emna BIO300A Akademisk skriving (5 sp) og BIO300B Biostatistikk (5 sp) vert undervist og må fylgjast same semester (haust). Forkunnskapar i oseanografi og i marin samfunnsøkologi (for eks. BIO212) er ein fordel.

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med BIO309B (5 sp), BIO310 (5 sp), BIO240 (10 sp).

Krav til studierett

Emnet er berre for studentar på masterprogrammet i biologi, spesialisering i marinbiologi og i fiskeribiologi og forvalting.

Arbeids- og undervisningsformer

Omfanget på arbeidet tilsvarer 540 timar studentarbeid.

Emnet består av fire modular:

  • Modul 1 - Marin bentisk fauna (praktisk)
  • Modul 2 - Biologisk oseanografi (teoretisk)
  • Modul 3 - Marinøkologiske feltmetodar (praktisk)
  • Modul 4 - Fiskeriøkologi (teoretisk)

Teoretiske moduler: forelesingar og gruppeaktivitetar føregår frå veke 33 til og med veke 47.

Praktiske modular:

  • Modul 1: To-vekers feltkurs ved den marinbiologiske stasjonen i Espegrend i august, med noko tid på forskningsfartøy.
  • Modul 3: Feltkurs på forskningsfartøy i september/oktober - éi veke på prosessstudier i ein fjord og éi veke på eit forkingstokt i Nordsjøen. Undervising ombord på forskningsfartøyet og tildelt kursarbeid før og etter.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Innlevering av skriftlege oppgåver.
  • Deltaking på forskingstokt og feltkurs.
  • Deltaking i forelesingar, labkurs.

Studenteigenandel for deltaking i felt- og toktaktivitetar:

Studenter på emner som reiser på felt- og toktaktiviteter med overnatting skal selv dekke utgifter til mat og drikke under oppholdet. Av hensyn til regler og krav for håndtering av mat og hygiene må vi kjøpe mat på/fra de ulike overnattingsstedene, og en kan ikke ta med egen mat. Institutt for biovitenskap står derfor for bestilling av mat for alle. Studenter betaler en sum på kroner 100,- per døgn for dette. Samla eigenandel blir maks kr 1 500.

Institutt for biovitenskap dekker utgifter knyttet til felles transport (buss) og losji, samt kostnader til mat utover kr 100,- per døgn. Studenter som kjører egen bil må melde ifra til Institutt for biovitenskap på studie.bio@uib.no senest 10 dager før avreise, hvem som kjører og hvem de evt har med seg i bilen. Institutt for biovitenskap dekker ikke utgifter knyttet til privat transport.

Vurderingsformer

Mappeevaluering som dekker fire modular (maks. oppnåelege poeng: 400):

  • Modul 1 - Marin bentisk fauna (praktisk): praktisk eksamen (maks. 90 poeng)
  • Modul 2 - Biologisk oseanografi (teoretisk): fleirvalsprøve (maks. 70 poeng)
  • Modul 3 - Marinøkologiske feltmetodar (praktisk): semesteroppgåve/feltrapport, deltaking på forskingstokt, datalab (maks. 150 poeng)
  • Modul 4 - Fiskeriøkologi (teoretisk): munnleg eksamen (maks. 90 poeng)

Når alle modular er gjennomført, vil endeleg karakter i emnet bli basert på prosenten av dei 400 poenga studenten har oppnådd.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F, der A er den beste karakteren og F er stryk/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Det er kun gjennomføring av mappeevaluering i semester med undervising.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Emneevalueringar finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten til emnet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitskap.

Eksamensinformasjon