Hjem

Utdanning

Masteremne

Floristikk

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBIO330
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk. Engelsk dersom engelskspråkelege studentar.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår-haust. Emnet startar i vårsemesteret, og avsluttast i haustsemesteret. Emnet blir ikkje undervist vår 2018.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Mål og innhald

Kurset består av feltekskursjonar i Bergensområdet (2 dagar) og eit feltkurs i sør-norske fjellområde (5 dagar samanhengande). Laboratoriekurs i tilknytting til ekskursjonane ved behov.

Mål for emnet er å gje ei praktisk innføring i kunsten å bestemme plantar til art ved hjelp av bestemmingsnøklar og skildringar i tilgjengelege floraverk. Kurset vil leggje hovudvekt på å gje kunnskap om kjenneteikn for artar av karsporeplantar, bartre og dekkfrøa blomsterplantar som fins i Noreg. Det vert vidare lagt vekt på praktisk erfaring med bestemming av plantar i felt. Det vert gjeve grunnleggande instruksjon i korleis samle og bevare (presse) belegg for vitskapleg dokumentajon av funn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kjenne viktige og vanlege artar av karplanter i norsk flora. Studenten skal kunne bestemme ei plante til art ved hjelp av standard floraverk, sjølv om arten er ukjend for studenten. Studenten skal ha grunnleggande innsikt i, og praktiske forutsetningar for å kunne samle belegg av karplanter til dokumentasjon av vitskapelege observasjonar.

Krav til forkunnskapar

BIO101 Organismebiologi I og BIO102 Organismebiologi II eller tilsvarende emne med botanikk (obligatorisk).

Tilrådde forkunnskapar

Påbegynt mastergrad i biologi, studieretning biodiversitet, evolusjon og økologi en fordel.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Feltkurs og laboratoriekurs. Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldig i 6 semestre.

Vurderingsformer

Muntlig eksamen

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.05.2018