Hjem
Studentsider
Masteremne

Bestandsovervaking og ansvarleg hausting

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen (studie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gi en grunnleggende innføring i hvordan vi overvåker fiskebestander, både ved bruk av fiskeriavhengige og fiskeriuavhengige metoder. Det vil bli lagt spesiell vekt på å gi studentene en grundig forståelse for hvordan akustiske og fangstbaserte fiskeriuavhengige metoder anvendes for å understøtte bærekraftige fiskerier.

Aldersstrukturerte evalueringsmodeller (assessment models) er et viktig faglig fundament for forsvarlig høsting, og kurset vil gi en oversikt over surveydesign og metoder som produserer indekser per alder i akustikk -og tråltokt. Andre surveymetoder vil også bli presentert.

FAO's klassifiseringssystem av fiskeredskaper, samt kravene for et bærekraftig ressurs- og miljøvennlig fiske, vil bli beskrevet. En vil gjennomgå fiskeredskapenes konstruksjon og virkemåte samt de ulike fangstmetodenes biologiske forutsetninger. Det vil bli lagt vekt på å belyse betydningen av fiskens atferd og reaksjon på fartøy- og redskapsstimuli for fangsteffektivitet, selektivitet og survey resultat. Seleksjonsinnretninger i ulike fiskeredskaper samt metoder for å beregne seleksjon vil bli presentert.

Forelesningene vil også gi en innføring i fysiske og biologiske prinsipper for hydroakustisk deteksjon og måling av marine organismer, med hovedvekt på mengdeestimering av plankton og fisk. Videre vil funksjon og betjening av vitenskapelig ekkolodd og ekkointegrator bli gjennomgått med praktiske øvelser. Emnet vil avslutningsvis gi en introduksjon av teknologiske nyvinninger innen hydroakustikk, fangstredskaper og optiske verktøy, og hvordan disse gir nye muligheter for å observere og forstå et økosystem i endring.

Det vil bli gjennomført et obligatorisk tokt der studentene i samarbeid skal lage en vitenskapelig toktrapport. Resultatene fra dette arbeidet skal presenteres muntlig og skriftlig.

Studenter i masterprogrammet i biologi, spesialisering Fiskeribiologi og forvalting (obligatorisk emne) og spesialisering www.uib.no/studier/MAMN-BIO/MAR(valgemne), blir prioriterte.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • forklare hovudprinsipp for overvaking av hausta bestandar (fiskeri-avhengige og -uavhengige metodar)
  • gjere greie for forutsetningane for eit godt sampling design, og statistiske fordelar og avgrensingar i ulike typar design
  • gjere greie for hovudtrekka for prinsippa i undervassakustikk og dei akustiske tilbakespreiingseigenskapane til fisk og andre akvatiske organismar
  • beskrive forutsetningane for ekkointegrering
  • gjere greie for dei viktigaste feilkjeldene og avgrensingar i akustiske trål survey
  • gjere greie for hovudprinsippa ved alderasavlesing av otolittar eller fiskeskjell
  • gjere greie for forutsetningar og prinsippa i eggsurvey
  • gjere greie for forutsetningar og prinsippa i merke- og gjenfangstforsøk for utrekning av storleiken til ein bestand
  • beskrive karakteristiske oppbyggingar, eigenskapar og verkemåtar av ulike fiskereiskapstyper som blir brukt globalt, og korleis bruken av desse verkar inn på organismane og deira omgjevande miljø
  • forklare kva for reiskapsparameter som påverkar effektiviteten og arts- og storleiksseleksjonen til ulike reiskapstyper

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • utforme eit vitskapeig basert survey design
  • skrive ein vitskapleg toktrapport
  • samanstille survey data til berekning av indeksar per alder i akustikk- og tråltokt
  • setje i verk akustisk mengdeestimering av ulike artar i eit område basert på ekkointegrering
  • beherske metodar for kvantifisering av seleksjon i garn og trål

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • formidle fagstoff munnleg og skriftleg
  • finne, samanstille og evaluere fiskerirelevant faglitteratur
  • forstå og diskutere relevans av fiskeri i samfunnet

Krav til forkunnskapar

BIO325 Havforskning eller tilsvarande emne.

Tilrådde forkunnskapar

BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi eller tilsvarande emne.

Studiepoengsreduksjon

5 sp overlapp med BIO336 Fangst og bestandsovervaking og 5 sp overlapp med BIO333 Akustiske metodar i fiskeri- og marinbiologi (utgåtte emne).

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga og at du oppfyller forkunnskapskrava.

Arbeids- og undervisningsformer

  • Forelesing: 2 timar i veka i 12 veker.
  • Rekneøvingar/seminar: 6 timar i veka i 4 veker.
  • Ekskursjon til reiskapsprodusent/tokt: 2 dagar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Oppmøte på rekneøvingar/seminar.
  • Deltaking på ekskursjon til reiskapsprodusent/tokt (2 dagar).

Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for å kunne ta eksamen. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart avlagt i. 

Vurderingsformer

  • Munnleg eksamen, utgjer 75 % av endeleg karakter.
  • Obligatoriske oppgåver, utgjer 25 % av endeleg karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og F er stryk/Ikkje Bestått. 

Vurderingssemester

Det er kun eksamen i semester med undervising. 

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret. Du finn Litteraturlista under "Ressursar" øvst til høgre.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon