Masteroppgåve i biologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masterstudiet i biologi skal gje studenten trening i eit sjølvstendig arbeid innan eit spesialisert område. Gjennom fagleg fordjuping skal studentens evne til kritisk og vitskapeleg tenking utviklast.

For nærare beskriving av dei ulike programma og deira mål og læringsutbyte - sjå Biologi, master, 2 år | Universitetet i Bergen (uib.no)

 

Programstyret på masterprogrammet og rettleiarane skal sørge for at det til kvar tid finst eit tilbod av definerte oppgåver. Oppgåver som vert tilbydde skal helst vere godkjend på førehand av programstyret med tanke på utforming og omfang av oppgåva (dvs. oppgåva skal kunne gjennomførast innan normert tid). Oppgåveprosjekt kan også bli utforma i ein dialog mellom rettleiar og student og deretter godkjent av programstyret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten skal

  • opparbeide brei fagleg fordjuping innan sitt spesialiserte fagområde i biologi og få spesialisert innsikt knytt til tema i sjølve masteroppgåva

Ferdigheit:

Studenten

  • meistrar å planleggje og gjennomføre sjølvstendig eksperimentelt arbeid og/eller feltarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar for tryggleik i laboratoriet og i felt dersom det er nødvendig for oppgåva
  • meistrar å planleggje og gjennomføre sjølvstendig analysearbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar
  • meistrar både munnleg og skriftleg formidling av eigne og andres forskingsresultat
  • kan vurdere eigne og andres forskingsresultat
  • kan hente inn, analysere og nytte ny kunnskap innan sitt spesialfelt i biologi

Generell kompetanse:

Studenten

  • meistrar vurdering av kjelder, kritisk vurdering av faglitteratur og kritisk vitskapeleg tenking og arbeide i tråd med vitskaplege prinsipp
  • kan reflektere over sentrale etiske og vitskapelege problemstillingar i eige og andres arbeid
  • kan presentere, muntlig og skriftlig, forskningsresultater sett i sammenheng med eksisterende kunnskap, også til ikke-spesialister

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Opptak til masterprogrammet i biologi
Tilrådde forkunnskapar
.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
.
Vurderingsformer

Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntlig mastergradseksamen. Denne eksamen består av en offentlig presentasjon på rundt 30 minutter hvor studenten selv gir en oversikt over oppgaven. Sensor og veileder skal være til stede ved den offentlige presentasjonen. Deretter følger en muntlig eksaminasjon/samtale med sensor og veileder om oppgaven.

Før presentasjonen skal det være satt en karakter på oppgaven. Presentasjonen kan sammen med den påfølgende muntlige eksaminasjonen/samtalen være justerende på den endelige karakteren på oppgaven. Det er den endelige karakteren som gjøres kjent for kandidaten og som kommer frem på karakterutskriften.

Fristar

Oppgåver på 60 stp innleverast senast ein månad før slutten av det 4. semesteret (1. juni/20. november). Mal for oppgåva kommer på bioWRITE

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har anvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.