Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i biologididaktikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeBIODID220
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 10 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i biologi og naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp biologi/naturfagdidaktikk som forskingsfelt, læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv, biologifaget sin historiske utvikling, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for biologi og naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Er kjent med biologi/naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
  • Skal ha kunnskap om kva som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
  • Gjere greie for kva kjenneteikn biologi har som skulefag og vitskapsfag, og korleis biologi har utvikla seg som fag
  • Kjenner til ulike arbeidsmåtar i biologi og naturfag og korleis desse kan bidra til læring
  • Har grunnleggande kunnskapar om korleis oppbygginga til hjernen og nevrofysiologiske prosessar påverkar læring, og korleis læring kan settast inn i eit biologisk og evolusjonært perspektiv

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere læreplanar i biologi og naturfag og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
  • reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i etisk utfordrande eller kontroversielle tema i biologi
  • leggje til rette for varierte og utforskande arbeidsmåtar og nytte digitale verkty som bidreg til læring og at elevane får røynsle med eit breitt spekter av biologifaget.
  • nytte forskingsbaserte metodar for å få kunnskap om elever, undervisning og læring i faget
  • utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • motivere elevar og skape interesse for biologi og naturfag
  • nytte kunnskapar og erfaringar frå praksis til å grunngje val av arbeidsmåtar i biologi
  • definere tydlege læringsmål for elevane , velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nådd

Krav til forkunnskapar

Emnet skal normalt tas parallelt med langpraksis i lektorprogrammet i 7. og 8. semester. For å kunne starte langpraksis må man ha bestått minimum 150 sp blant emnar som inngår i programmet, der minimum 20 sp må være fagdidaktikk/ pedagogikk.

Tilrådde forkunnskapar

NATDID210

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 seminarar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar, 2 skriftlege oppgåver (Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i BIODID220 må normalt LAPRA101 og 102 være bestått.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen utan hjelpemiddel og individuelt essay. Vektinga mellom eksamen og essay er 60:40. Essayet skal ha eit omfang på 2000-3000 ord. Det gis gradert karakter (A-F).

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studie@bio.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.