Innføring i biologididaktikk
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeBIODID220
- Talet på semester2
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
bachelor
Undervisningssemester
Haust og vår. Emnet går over to semester, 10 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i biologi og naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp biologi/naturfagdidaktikk som forskingsfelt, læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv, biologifaget sin historiske utvikling, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for biologi og naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Er kjent med biologi/naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
- Skal ha kunnskap om kva som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
- Gjere greie for kva kjenneteikn biologi har som skulefag og vitskapsfag, og korleis biologi har utvikla seg som fag
- Kjenner til ulike arbeidsmåtar i biologi og naturfag og korleis desse kan bidra til læring
- Har grunnleggande kunnskapar om korleis oppbygginga til hjernen og nevrofysiologiske prosessar påverkar læring, og korleis læring kan settast inn i eit biologisk og evolusjonært perspektiv
Ferdigheiter
Studenten kan
- analysere læreplanar i biologi og naturfag og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
- reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i etisk utfordrande eller kontroversielle tema i biologi
- leggje til rette for varierte og utforskande arbeidsmåtar og nytte digitale verkty som bidreg til læring og at elevane får røynsle med eit breitt spekter av biologifaget.
- nytte forskingsbaserte metodar for å få kunnskap om elever, undervisning og læring i faget
- utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse
Generell kompetanse
Studenten kan
- motivere elevar og skape interesse for biologi og naturfag
- nytte kunnskapar og erfaringar frå praksis til å grunngje val av arbeidsmåtar i biologi
- definere tydlege læringsmål for elevane , velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nådd
Krav til forkunnskapar
Emnet skal normalt tas parallelt med langpraksis i lektorprogrammet i 7. og 8. semester. For å kunne starte langpraksis må man ha bestått minimum 150 sp blant emnar som inngår i programmet, der minimum 20 sp må være fagdidaktikk/ pedagogikk.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om studierett på lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning, gruppearbeid, skriftlige oppgaver og presentasjoner.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på 80 % av undervisningen. Innlevering av 2 skriftlege oppgåver, fagfellevurderinger og framlegg i øktene.
Oppgåvene er gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande.
For å kunne ta eksamen i BIODID220 må normalt LAPRA101 og 102 være bestått.
Vurderingsformer
Mappevurdering. Det gis gradert karakter (A-F).
Karakterskala
Bestått/ikke bestått
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studie@bio.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Innleveringsfrist
- 30.05.2023, 14:00
- Trekkfrist
- 01.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen