Metoder i biomedisinsk forskning
Masteremne
- Studiepoeng
- 25
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- BMED320
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studenten ei teoretisk oversikt over metodar og teknologi som vert brukt i medisinsk grunnforsking, samt å gje studenten eksperimentell erfaring med nokre utvalde metodar i eit aktivt forskingsmiljø. Vidare gjev emnet studenten opplæring i litteratursøk og bruk av referansehandteringsprogram. Studenten vert også trena i korleis presentere problemstillingar og forskingsresultat på ein vitskapeleg måte. Emnet består av en teoretisk del (om lag 4 veker) fulgt av ein praktisk del med laboratoriearbeid (om lag 8 veker).
Læringsutbyte
Etter fullført BMED320 kan studenten:
Kunnskapar
Kandidaten
- har avansert kunnskap om biomedisinske metodar
- har spesialisert teoretisk og metodologisk innsikt i eit utval metodar tileigna gjennom laboratorieprosjektet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan greie ut om føremålstenleg bruk av ulike metodar med utgangspunkt i gitte cellebiologiske problemstillingar
- kan kritisk vurdere eigne eksperimentelle resultat
- kan til viss grad søkje og nyttiggjere seg av relevant vitskapeleg originallitteratur
- har ei viss trening i produksjon av vitskapelege tekstar etter gjeldande etiske normer
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan skikke seg i arbeidsmiljøet på laboratoriet
- kan planlegge og gjennomføre enkeltforsøk i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kan til en viss grad analysera og høva seg kritisk til ulike kjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i biomedisin
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurdering i emnet er todelt:
- Heimeeksamen etter avslutta teoriundervisning.
- Innlevering av skrifteleg semesteroppgåve etter utplassering på lab.
Dei to delane tel høvesvis 55 og 45 prosent av endeleg karakter. Du må bestå begge delane for å bestå emnet.