Cellekommunikasjon og intracellulær signalering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset vil gje en gjennomgang av større signaleringshendingar i virveldyrceller, som startar på celleoverflata og endar opp i kjernen. Kurset skal gje studentane ein oversikt over cellene sine interaksjonar, og signaleringshendingar som følgje av desse interaksjonane. Vidare vil det verta drøfta på kva måte cellene reagerer på fysiologiske signal, slik som hormonar og nevrale signal.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Gjere greie for hovedtypar av cellekommunikasjon inkludert dei signalmolekyla (ligander/transmittere) som inngår i hovudtypane av cellekommunikasjon.
  • Gjere greie for intracellulære- og membranbundne reseptorar, og gi eksempel på slike reseptorar.
  • Gjere greie for sentrale cellulære signalveier i eukaryotiske celler.

Ferdigheiter og generell kompetanse

  • Demonstrere samanhengen mellom cellulære signalveier og medisinske fenomen ved hjelp av eksempel.

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar

Biologi, molekylærbiologi eller tilsvarande på bachelornivå, helst avslutta med grad.

Studiepoengsreduksjon
HUCEL362
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningen går over ein periode på 4-5 veker, med 6-8 timar obligatoriske førelesingar kvar veke.

Ver merksam at førelesingane startar fyrste veka av januar. Meld deg difor tidleg opp til til undervisning og vurdering.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte til undervisinga.
Vurderingsformer
4 timars digital skriftleg eksamen.
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.