Hjem
Studentsider
Masteremne

Cellulær og molekylær nevrovitskap

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Innhaldet i emnet gjenspeilar mangfeldet og tverrfaglegheiten ein finn i nevrovitskap med ei rekkje av seminarar som handlar om cellulær og molekylær nevrovitskap gjennom forskjellige system og regionar innan sentralnervesystemet. Emnet innehald worshops som dekk teknikkar innan neurofysiologi, molekylærbiologi og avbilding.

Studentane vil få kunnskap om naudsynte intellektuelle verktøy for å kunne forstå og verdsette kompleksiteten ein finn i nervesystemet på eit molekylært og cellulært nivå.

Emnet er utforma som eit introduksjonskurs på masternivå. Det forventast at studentane har ei bachelorgrad i biologisk eller naturvitskapleg retning. Forkunnskapar i nevrovitskap er ikkje naudsynt, men nivået i emnet er høgt med rask progresjon og det forventast at studentane forbered seg med å lese i lærebøkene før kvar forelesning. Tema inkluderer: Nevronar som eksitable celler, ionekanaler, synaptisk overføring og plastisitet, neurotransmittersystemar, molekylær og cellulær føresetnad for sensorisk og motoriske system, oversyn av nevroanatomi og nevrohistologi, og avanserte avbildingsteknikkar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne kan studenten:

Kunnskapar

  • Vise inngåande kunnskap om nervesystemets struktur og funksjon på celle og systemnivå
  • Identifisere og beskrive de molekylære og cellulære eigenskapar hos nevroner som gir opphav til deira evne til å kommunisere via elektriske og kjemiske signalar
  • Forstå dei viktigaste neurotransmittersystemar og reseptorar i nervesystemet
  • Kritisk vurdere vanlege metodar i nevrovitskap og forstå teorien bak desse teknikkane

Ferdigheiter

Utvikle hypotesar og kristisk analysera metodar og resultat innan nevrobiologi

Generell kompetanse

  • Tolke og diskutere funn relatert til vitskaplege eksperiment og litteratur innan nevrovitskap
  • Formidle og drøfte integrasjonen av molekylære, cellulære og biofysiske prosessar, som bidreg til at nevronar og nevrale systemar ansvarlege for oppførsel, kan fungere
  • Anvende teoriar om molekylær og cellulær nevrovitskap til eksperimentelle undersøkingar

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, biomedisin, fysiologi eller liknande.

Tilrådde forkunnskapar

Generelle kunnskapar innan molekylær- og cellebiologi og cellefysiologi. Generelle kunnskapar innan fysikk og kjemi.

Krav til studierett

Master i biomedisin. Andre masterstudentar eller utvekslingsstudentar som oppfyller forkunnskapskrava kan og få adgang til emnet.

Minimum antall studentar for at kurset skal gå er 4, maksimum antall er 20. Dersom fleire enn 20 studentar meld seg på vil studentar i biomedisin verte prioritert.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Omkring 30 timar seminar over ei periode på omkring 8-10 veker.

3 tekniske workshops (4 timer kvar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på tekniske workshops. Rapport for kvar workshop må leverast inn og alle må vere godkjend for å ta eksamen.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

MED3, OD2FYS, NUTRFYS, FARM280, 4 poeng reduksjon for alle

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

Kontakt

Institutt for biomedisin
med-ibm-studiesaker@uib.no

Emneansvarleg:
Meg Veruki, https://www.uib.no/personer/Meg.Veruki

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    02.05.2023, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted