Seminarserie
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeBMED380
- Talet på semester2
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust + vår (2 påfølgjande semester)
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje oversikt over ulike disiplinar innan biovitskap. Studentane vert trena i å lytte til, tolke, reflektere over og gjengi vitskapeleg informasjon, og får trening i vitskapeleg skriving.
Seminarserien består av ei førelesing kvar veke gjeve på engelsk av føredragshaldarar som kjem frå både inn- og utland. Dei er ekspertar innan sine fagfelt, blant anna innan molekylærbiologi, biokjemi, cellebiologi, biomedisin, fysiologi, nevrovitskap, translasjonell medisin, strukturbiologi, proteomikk og bioinformatikk. Dei er valt ut etter kriterium som kompetanse, formidlingsevne og emnediversitet.
Program for seminara: https://www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars
Læringsutbyte
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
- Kjenne til fagomgrep innanfor ei breidde av dei biovitskapelege områda.
- Kjenne til ulike aspekt av ¿state-of-the-art¿ forskingspraksis som fører fram til nye vitskapelege erkjenningar.
Ferdigheiter
- Følgje og forstå vitskapelege føredrag og formulere gode rapportar.
- Framvise forbetra skriftleg framstillingsevne basert på innspel frå /diskusjonar med fagpersonar.
- Ved ein samanlikning av ulike måtar å presentere eit vitskapeleg prosjekt på, få eit godt grunnlag for eigen presentasjonsteknikk.
Generell kompetanse
- Definere eit framtidig forskingsfelt for seinare studiar basert på ein utvida vitskapeleg horisont.
- Vere i stand til å utføre sjølvstendig skrivearbeid på vitskapeleg vis.
- Erkjenne nytten av å delta på vitskapelege seminar gjeve av toppranka forskarar.
Krav til forkunnskapar
Minimum bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi eller tilsvarande.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisning:
- Felles informasjonsmøter (obligatorisk)
- Seminar kvar veke (obligatorisk deltaking på 25 seminar i to semester)
- Éin-til-éin-møter med emneansvarleg for gjennomgang av rapportar (obligatorisk)
Omfang:
- To informasjonsmøter à 1 time
- 25 seminar à 2 timar (inkluderer førebuing)
- To rapportar à 40 timar
- To gjennomgangar med emneansvarleg à 1,5 timar
Totalt 135 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på minimum 25 av seminara i to semester (deltaking vert registrert). I tillegg kjem obligatoriske informasjonsmøter og éin-til-éin-møter med emneansvarleg.
Vurderingsformer
Innlevering av éin rapport kvart semester. Rapportane må følgje retningslinene som er publisert på Mitt UiB. Rapporten skal vere på 3-4 sider og skrivast på engelsk.
Emneansvarleg nyttar eit eige skjema i vurdering av rapportane.
Studentane vert innkalla til obligatorisk gjennomgong av dei korrigerte rapportane med emneansvarleg.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
HUCEL371
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Kontakt
Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no
Emneansvarleg:
Beate Stern http://uib.no/personer/Beate.Stern
Harald Barsnes (fra april 2022) https://www.uib.no/personer/Harald.Barsnes
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappeevaluering
- Innleveringsfrist
- 17.06.2022, 23:59
- Trekkfrist
- 01.02.2022