Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Biomedisinsk forskarkurs: Molekylære teknikkar for å klone og uttrykke eukaryote protein

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBMED903
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk. Individuell rettleiing på engelsk dersom engelskspråklege kandidatar.

Kursinnhald

Målet er at kandidaten skal få praktisk erfaring i utvalde teknikkar for kloning, PCR og proteinuttrykking samt det grunnleggjande teoretiske grunnlaget for desse metodane og andre liknande teknikkar. I tillegg vil det bli gitt litteratur og rettleiing om avanserte teknikkar som kandidaten vil ha bruk for. Kandidaten skal kunne utføre liknande eksperimenter på eigen hand basert på praktisk og teoretisk kunnskap erverva i løpet av kurset.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • Beherske basiskunnskap for dei praktiske metodar som vert nytta i laboratoriekurset samt ha kunnskapar om og kunne bruke andre relevante molekylærbiologiske teknikkar tilpassa kandidatens PhD-prosjekt.

Ferdigheiter

  • Beherske enkle kloningar, PCR-teknikken og å uttrykke rekombinante protein i bakteriar samt kunne bruke SDS-gelelektroforese og Western blot teknikken.

Generell kompetanse

  • Kunne sette seg inn i og meistre vanlege molekylærbiologiske teknikkar.

Undervisningsperiode

Emnet undervises bare i vårsemesteret.

Studiepoeng

5

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudenter ved Universitetet i Bergen registrerer seg via StudentWeb (http://studentweb.uib.no) før kursstart.

Doktorgradsstudenter ved andre norske institusjonar kan søke om hospitantstudierett til Det medisinske fakultet ved hjelp av dette skjemaet: ttps://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2685067. Frist: 1. desember for vårsemester. Opptak er avhengig av ledig kapasitet og forkunnskap. Når hospitantstudierett har blitt tildelt, kan man registrere seg for kurset via StudentWeb.

Utanlandske studentar kan delta, avhengig av sin personlige forkunnskap og ledig kapasitet.

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for kandidatar knyta til Institutt for biomedisin.

Vurderingsform

Munnleg eksamen
Karakterskala: bestått / ikkje bestått 

Kven kan delta

Ph.d.-kandidater innan naturvitskap/medisin.
Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar som får si rettleiing ved Institutt for biomedisin, men kan og vere aktuelt for kandidatar innan naturvitskap eller medisin ved andre institutt.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Obligatoriske arbeidskrav: godkjend journal
Merk: ved få påmelde til emnet, vil undervisningsopplegg kunne verte justert i samråd med dei påmelde for å ivareta læringsutbytte for kandidatane.

Program

Ei veke med førelesingar og laboratoriearbeid under rettleiing kl. 8-16 kvar dag, og veka etter ferdigstilling av ein skriftleg journal + førebuing til laboratoriekurs.Totalt 50 timer.I tillegg får kvar kandidat eit særskild tilpassa pensum på ca. 200 sider med nyleg utkomne forskningsartiklar.

Kontaktinformasjon

Margarethe Bittins, PhD-coordinator
Margarethe.Bittins@uib.no
phd@biomed.uib.no / +47 55 58 63 70

Fagleg ansvar

Anni Vedeler
http://www.uib.no/personer/Anni.Vedeler

Undervisningsstad

Bygg for Biologisk Basalfag
Institutt for biomedisin, Det medisinske fakultet

Undervisningsperiode

Emnet undervises bare i vårsemesteret.