Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Biomedisinsk forskarkurs: Matrix biologi

Hovedinnhold

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Dette er eit vidaregåande kurs i ekstracellulær matrix for masterstudentar, kandidatar og forskarar som er interesserte imMatrix relatert forsking. Kurset gjer ein grundig oversikt over celler sine interaksjonar med den ekstracellulære matrix. Kurset tek sikte på å gje kandidatane ein integrert forståing av rollen til den ekstracellulære matrix for helse og sjukdom.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • Beskrive dei ulike komponentane som deltek i celle-matrise samspelet
  • Beskrive dei underliggjande prinsipp som styrar celle-matrise samspelet

Ferdigheiter

  • Forstå eksperimentelle prosedyrar som vert nytta til å studere interaksjonar mellom celler og den ekstracellulære matrise
  • Bruke biokjemiske / cellebiologiske aspekt for å forstå kva rolle den ekstracellulære matrise har for normal hemostase og for utvalde kliniske problemstillingar
  • Diskutere noen aktuelle nøkkelspørsmål innan celle-matrise interaksjonar

Generell kompetanse

  • Demonstrere analytisk tenking ved å vurdere ein vitskapleg artikkel kritisk og foreslå mulege problemstillingar, samt utforme eigna strategiar for å svare på spørsmåla

Undervisningsperiode

7.-11. juni 2021

Studiepoeng

3

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudentar ved Universitetet i Bergen registrerer seg via Studentweb (http://studentweb.uib.no).
Doktorgradsstudentar ved andre institusjonar søker via søknadsweb (soknadsweb.uib.no).

Søknadsfrist: 1. februar 2021

Krav til forkunnskapar

Kunnskap på masternivå innan molekylærbiologi, cellebiologi og biokjemi.

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskap på masternivå innan signaltransduksjon (BMED330 eller liknande).

Vurderingsform

For å bestå kurset, må kandidaten gje ein munnleg presentasjon og kritisk vurdering av ein utvald artikkel. 
Karakterskala: Bestått / ikkje bestått.

Kven kan delta

Ph.d.-kandidatar innan naturvitskap eller medisin. Kurset er ment for ph.d.-kandidatar innan biomedisinsk forsking. Kurset er ope for alle interesserte kandidatar, men kandidatar som vert rettleia ved Institutt for biomedisin, eller er med i CCBIO forskarskulen vert prioritert.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Obligatorisk frammøte på førelesingar og laboratorieundervisning.

Samla arbeidsmengd:

  • Førelesingar og laboratoriearbeid (35 timar)
  • Seminar der deltakarane presenterer utvalde artiklar (4 timar)
  • Utarbeiding av eigen presentasjon (ppt-presentasjon) og diskusjon (41 timer).

Det vert forventa at deltakarane les nokre originalartiklar før kurset tek til.

Kontaktinformasjon

phd@biomed.uib.no

Fagleg ansvar

Marion Kusche-Gullberg
http://www.uib.no/personer/Marion.Kusche

Kontakt

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

7.-11. juni 2021