Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Early Stage Researcher seminar i biomedisin

  • Studiepoeng1
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeBMED908
  • Ressursar

Kursomtale

Kursinnhald

Early Stage Researcher-seminar er ein seminarserie ved Institutt for biomedisin, der deltakarane presenterer og diskuterer deira eigne forskingsprosjekt.

Hovudmålet med kurset er få deltakarane til å reflektere over og kritisk diskutere pågåande forskingsprosjekt innan det biomedisinske feltet, og å gi næring til vitskapeleg samspel mellom ph.d.-kandidatar ved instituttet.

Kurset vil formidle ei forståing for opne akademiske diskusjonar mellom jambyrdige forskarar. Det vil støtte og styrke kritisk tenking og vitskapleg nysgjerrigheit og tilby eit forum for deling av idear og utprøving av hypotesar. Ved å halde dei erfarne forskarar utanfor, vil forumet vere eit trygt miljø der unge forskarar kan opptre meir uavhengig og slik øve opp diskusjonsevnene sine.

Kurset dekker følgjande nøkkeltema:

  • vitskapleg profesjonalitet
  • tekniske utfordringar
  • påverknad på samfunnet
  • etiske problemstillingar relaterte til biomedisinske ph.d.-prosjekt

Læringsutbyte

Kandidaten vil ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap: Kandidaten

  • Har ei klar forståing av korleis forskinga deira blir mottatt og påverkar jambyrdige forskarar.
  • Har ei multidisiplinær forståing av dei ulike metodane som blir brukte innan medisinsk grunnforsking, bruken av desse, avgrensingar og fordelar.
  • Har inngåande kunnskap om mange autentiske forskingsprosjekt innanfor det biomedisinske feltet.

Ferdigheiter: Kandidaten

  • Meistrar teknikkane brukte til å formidle vitskapleg bakgrunn, mål, metodar, resultat og framtidsperspektiv av deira eiga forsking.
  • Kan starte opp og delta i konstruktive og kritiske vitskaplege diskusjonar.
  • Kan ta kontakt med jambyrdige forskarar og bygge eit nettverk av kompetanse.


Generell kompetanse:
Kandidaten

  • Veit kvar ein finn kompetanse relatert til ulike forskingsfelt
  • Kan utveksle teknisk ekspertise og erfaring og fostre samarbeid, noko som i det lange løp vil forbetre den generelle vitskaplege kvaliteten.

Undervisningsperiode

Haust og vår

Studiepoeng

1

Formelle krav

Obligatoriske arbeidskrav

Gi ein munnleg presentasjon av eiga forsking. Deltaking på minst 10 seminar.

Kven kan delta

Ph.d.-kandidatar og post-doc.-ar ved Institutt for biomedisin.

Utfyllande informasjon

Kontaktinformasjon

Instituttkoordinator kan kontaktast her: phd@biomed.uib.no

Undervisningsperiode

Haust og vår