Kreftforsking: etiske, økonomiske og samfunnsmessige aspekt.

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Kandidatane får undervising i etiske, økonomiske og samfunnsmessige aspekt ved kreft og kreftforsking. Kandidatane skal gjennomføre ein systematisk refleksjon med utgangspunkt i eit konkret saksfelt, helst relatert til eige ph.d.-prosjekt. Kandidatane skal meistre og kunne vurdere kritisk metodar for vurdering av lønsemd av helsetiltak og behandlingsformar.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emne, skal kandidatane:

Kunnskap
Evaluere helsetiltak opp mot kvarandre.

Kjenne til og kunne nytte teknikkar som kostnadsanalyser, kostnadseffektivitetsanalyser, nyttekostnadsanalyser og kostnadsverdianalyser, samt kunne vurdere når dei er føremålstenlege.

Kunne identifisere, gjøre systematisk greie og gi ei sjølvstendig vurdering av etiske, økonomiske og samfunnsmessige aspekt av relevans for kreftforsking.

Ferdigheter
Kunne vurdere korleis helse kan målast og kjenne til dei praktiske og teoretiske vanskane med slike målingar.

Kunne identifisere og analysere etiske, økonomiske og samfunnsmessige aspekt og problemstillingar ved sitt eige forskingsarbeid, og omsetje dei til tilrådingar til konkret handling.

Generell kompetanse
Kunne vurdere om ulike tiltak kan forventast å bidra til betre ressursbruk i helsesektoren.

Undervisingsperiode

Kurset CCBIO903 er avlyst våren 2024.

Studiepoeng

5 studiepoeng (1 studiepoeng =25-30 t studentarbeid).

Undervisingsstad

Bergen
Undervisingsspråk
Engelsk
Påmelding og -fristar

1. februar i Studentweb for studentar ved UiB.

Eksterne deltakarar kan søke om opptak til kurset gjennom Søknadsweb med frist 1. februar.

Krav til forkunnskapar
Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlinja.
Tilrådde forkunnskapar
Vitskapsteori og etikk tilsvarande examen philosophicum. Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.
Inngår i opplæringsdel
Anbefalast som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar knytt til Forskerskolen til CCBIO.
Vurderingsform

For å stå i emnet, må kandidaten:

  • Skrive ein 10-15 siders skriftleg semesteroppgåve. Oppgåve skal innehalde ein analyse av etiske, økonomiske og samfunnsmessige aspekt ved eit saksfelt, helst relatert til eige ph.d.-prosjekt. Problemstillinga skal godkjennast av kursleiar.
  • Delta på minimum 8 av 10 førelesingar.
  • Delta på minimum 8 av 10 seminar.
  • Gi ein munnleg presentasjon av utkast til skriftleg arbeid i seminar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.

Følgjande karakterskala vert nytta:

Bestått / Ikkje bestått

Fagleg overlapp
Nei
Kven kan delta
Emnet rettar seg hovudsakleg mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også opent for andre studentar, forskerlinjestudenter og ph.d.-kandidatar.
Program

Undervisningsdelen av emnet inneheld til saman 10 obligatoriske førelesningar og 10 obligatoriske seminar, kvar på to undervisningstimar.

Fagleg ansvar
Roger Strand og Anne Bremer.
Kjernelitteratur
Ingen pensumliste