Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Cancer-related vascular biology

  • Studiepoeng6
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeCCBIO907
  • Ressursar

Kursomtale

Kursinnhald

Målet med kurset er å gje deltakarane teoretisk og praktisk kunnskap om basale prinsipp innan karbiologi, med utviding mot kreftrelatert karbiologi og andre biologiske prosesser der karbiologi er involvert. Emnet skal formidle kunnskap om forhold mellom karbiologi og spreiing av kreft, samt diagnostikk og behandlingsmoglegheiter målretta mot karsystemet. Ein vil gje innføring i bruk av anvende metodar for å studere karbiologi, samt biomarkørar som reflekterer karbiologi ved kreft. Kurset tar mål av seg til å formidle fagkunnskap og samstundes stimulere til vitskapleg tenking, kritisk refleksjon og faglege diskusjonar. Deltakarane får gode moglegheiter til å utveksle kunnskap og erfaringar med kvarandre og med verdsleiande ekspertar innan forskingsfelta som førelesast frå.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført kurs, skal kandidatane ha:

Kunnskap om

  • Basal karbiologi
  • Prinsipper og utfordringar ved persontilpassa medisin
  • Kreft-relatert karbiologi, og korleis kunnskap om denne anvendes innan kreftbehandling i dag
  • Forskningsfronten innan kreft-relatert karbiologi
  • Måtar å utnytte kunnskap om karbiologi til å utvikle nye behandlingsstrategiar
  • Kar-relaterte biomarkører ved kreftdiagnostikk og behandling: forskning og klinisk praksis

Ferdigheter

  • Kunne formulere problemstillingar for å planlegge og gjennomføre studiar innan kreft-relatert karbiologi
  • Kunne vurdere nytte og avgrensingar ved bruk av kreft-relaterte biomarkører
  • Kunne formilde relevant litteratur og metodar for kreft-relatert karbiologi, med kritisk refleksjon

Generell kompetanse

Kunne vurdere korleis kunnskap om karbiologi kan føre til økt kunnskap om tumorbiologiske prosesser og mekanismar, og til bedre og meir presis diagnose samt målretta behandling og oppfølging av kreftpasientar.

Undervisningsperiode

Kvart andre år (haust)

Studiepoeng

6 studiepoeng

  • Tre kursuker á 30 timer: 3 ECTS
  • Forberedende arbeid (litteratur og team-basert læring): 3 ECTS

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding via Studentweb innen 1. september. Studenter frå eksterne institusjonar må søke hospitantrett, frist 1. september http://www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Krav til forkunnskapar

For PhD-kandidatar: Fullført medisinsk embetseksamen eller mastergrad i celle- eller molekylærbiologi, og tatt opp til ph.d.-program ved UiB eller andre norske læresteder.

For master- og forskerlinjestudenter: Opptak til masterprogram innen medisin eller andre helsefag ved Universitetet i Bergen eller annen norsk utdanningsinstitusjon.

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk, molekylær-/cellebiologisk eller helsefagleg bakgrunn, eller master- eller ph.d.-prosjekt med molekylær-/cellebiologisk eller medisinsk/helsefagleg innhald. Basal forståelse om kreft og cellebiologi er anbefalt.

Inngår i opplæringsdel

Anbefales som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidater knytt til Forskerskolen til CCBIO og ellers med prosjekt innen kreftforskning

Obligatoriske arbeidskrav

  • Delta i 80 prosent av undervisningen.
  • Førebu seg til og delta aktivt i gruppearbeid.
  • Gje munnleg presentasjon frå vekas gruppearbeid, med påfølgande diskusjon

Vurderingsform

Heimeksamen: Levere essay på minimum 1000 ord, der ein oppsumerer ein vitskapleg artikkel, kommenterer konstruktivt kritisk vedr. metoder og/eller funn. Eksamen skal leverast innen 4 veker etter avslutta kurs.

Følgende karakterskala blir nytta:

Bestått / Ikke bestått

Fagleg overlapp

Nei

Kven kan delta

Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også ope for andre studentar, forskerlinjestudentar og ph.d.-kandidatar.

Utfyllande informasjon

Program

  • Førelesingar
  • Forskningsseminar
  • Teambasert læring (TBL)
  • Gruppearbeid (eit kvar kursveke; 4-5 studenter per gruppe)
  • Presentasjon og diskusjon av gruppearbeid
  • Fordjupingstid
  • Plenumsdiskusjonar
  • Smågruppediskusjonar med førelesarane
vedlegg.uib.no/?id=4c1e47805aae7c9c7cd793270ed53637

Eksempel på veke-timeplan

Litteratur: obligatorisk pensum

Kontaktinformasjon

Solveig.witso@uib.no

Elisabeth.wik@uib.no

Fagleg ansvar

Førsteamanuensis Elisabeth Wik

Professor Lars A. Akslen


Kurskoordinator

Førsteamanuensis Elisabeth Wik

Administrativt ansvarlig

Solveig Lund Witsø

Innleiarar

Bruce Zetter

Michael Rogers

Marsha Moses

Randolph Watnick

Roopali Roy

Diane Bielenberg

Magali Saint-Geniez

Oddbjørn Straume

Reidunn Edelmann

Elisabeth Wik

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen, Campus Haukeland

Undervisningsperiode

Kvart andre år (haust)