Cancer-related vascular biology

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Målet med kurset er å gje deltakarane teoretisk og praktisk kunnskap om basale prinsipp innan karbiologi, med utviding mot kreftrelatert karbiologi og andre biologiske prosesser der karbiologi er involvert. Emnet skal formidle kunnskap om forhold mellom karbiologi og spreiing av kreft, samt diagnostikk og behandlingsmoglegheiter målretta mot karsystemet. Ein vil gje innføring i bruk av anvende metodar for å studere karbiologi, samt biomarkørar som reflekterer karbiologi ved kreft. Kurset tar mål av seg til å formidle fagkunnskap og samstundes stimulere til vitskapleg tenking, kritisk refleksjon og faglege diskusjonar. Deltakarane får gode moglegheiter til å utveksle kunnskap og erfaringar med kvarandre og med verdsleiande ekspertar innan forskingsfelta som førelesast frå.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført kurs, skal kandidatane ha:

Kunnskap om

  • Basal karbiologi
  • Prinsipper og utfordringar ved persontilpassa medisin
  • Kreft-relatert karbiologi, og korleis kunnskap om denne anvendes innan kreftbehandling i dag
  • Forskningsfronten innan kreft-relatert karbiologi
  • Måtar å utnytte kunnskap om karbiologi til å utvikle nye behandlingsstrategiar
  • Kar-relaterte biomarkører ved kreftdiagnostikk og behandling: forskning og klinisk praksis

Ferdigheter

  • Kunne formulere problemstillingar for å planlegge og gjennomføre studiar innan kreft-relatert karbiologi
  • Kunne vurdere nytte og avgrensingar ved bruk av kreft-relaterte biomarkører
  • Kunne formilde relevant litteratur og metodar for kreft-relatert karbiologi, med kritisk refleksjon

Generell kompetanse

Kunne vurdere korleis kunnskap om karbiologi kan føre til økt kunnskap om tumorbiologiske prosesser og mekanismar, og til bedre og meir presis diagnose samt målretta behandling og oppfølging av kreftpasientar.

Undervisingsperiode

20.-31. mars 2023

Studiepoeng

6 studiepoeng

  • Tre kursuker á 30 timer: 3 ECTS
  • Forberedende arbeid (litteratur og team-basert læring): 3 ECTS

Undervisingsstad

Universitetet i Bergen, Campus Haukeland
Undervisingsspråk
Engelsk
Påmelding og -fristar

Registrering via StudentWeb før fristen 1. februar.

Studentar frå eksterne (ikkje-UiB) institusjonar må i søke om opptak til kurset her:

https://fsweb.no/soknadsweb/login.jsf

Krav til forkunnskapar

For PhD-kandidatar: Fullført medisinsk embetseksamen eller mastergrad i celle- eller molekylærbiologi, og tatt opp til ph.d.-program ved UiB eller andre norske læresteder.

For master- og forskerlinjestudenter: Opptak til masterprogram innen medisin eller andre helsefag ved Universitetet i Bergen eller annen norsk utdanningsinstitusjon.

Tilrådde forkunnskapar
Medisinsk, molekylær-/cellebiologisk eller helsefagleg bakgrunn, eller master- eller ph.d.-prosjekt med molekylær-/cellebiologisk eller medisinsk/helsefagleg innhald. Basal forståelse om kreft og cellebiologi er anbefalt.
Inngår i opplæringsdel
Anbefales som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidater knytt til Forskerskolen til CCBIO og ellers med prosjekt innen kreftforskning
Obligatoriske arbeidskrav
  • Delta i 80 prosent av undervisningen.
  • Førebu seg til og delta aktivt i gruppearbeid.
  • Gje munnleg presentasjon frå vekas gruppearbeid, med påfølgande diskusjon
  • Vurderingsform

    Presentasjon av oppgåve (individuelt eller i par), først for ei lita gruppe studentar, med fagfellekritikk av presentasjonane; deretter vil eit uval av oppgåver verte presentert i plenum, fylgd av diskusjon rundt kvar oppgåve.

    Følgende karakterskala blir nytta:

    Bestått / Ikkje bestått

    Fagleg overlapp
    Nei
    Kven kan delta
    Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også ope for andre studentar, forskerlinjestudentar og ph.d.-kandidatar.
    Program
  • Førelesingar
  • Forskningsseminar
  • Teambasert læring (TBL)
  • Gruppearbeid (eit kvar kursveke; 4-5 studenter per gruppe)
  • Presentasjon og diskusjon av gruppearbeid
  • Fordjupingstid
  • Plenumsdiskusjonar
  • Smågruppediskusjonar med førelesarane.
  • Fagleg ansvar

    Forsker Agnete Engelsen

    Professor Lars A. Akslen


    Kurskoordinator

    Postdoc Heidrun Vethe

    Administrasjon

    Kjetil Utvik Harkestad

    Innleiarar
    Faculty from Vascular Biology Program, Boston Children's Hospital, Harvard Medical School og University of Bergen.