Brukermedvirkning i medisinsk og helsefaglig forskning

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Kurset er laga for å tilrettelegge for brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking.

3-dagars kurs beståande av forelesingar, gruppearbeid og diskusjonar.

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:
Kjenne til bakgrunnen for innføring av brukarmedverknad i medisinsk og helsefaglig forsking.

Ha kunnskap om korleis brukermedverknad er dokumentert å påverke medisinsk og helsefaglig forsking, gjennomføring av kliniske studiar og anvending av forskingsresultatar.

Ha kunnskap om forskaren sitt ansvar for at brukermedverknad vert integrert i heile prosessen i eit klinisk forskingsprosjekt - frå planlegging til prosjektgjennomføring til publikasjon. Kjenne til brukarorganisasjonar og lokale brukarutval si rolle i rekruttering og ev. opplæring til brukermedverknad i forsking.

Ferdigheiter:
Kunne formidle eiga forsking til brukarar på ein lettfatteleg måte. Kunne diskutere med brukarar korleis deira perspektiv kan bidra til demokratisering og kvalitetsforbetring i eige forskingsprosjekt spesielt, og i klinisk av forsking generelt. Kunne ta med seg innspel frå brukarar til å forbetre brukarmedverknad i eiga forsking.

Generell kompetanse:
Kunne vurdere og formidle meirverdi av brukermedverknad og igangsette konstruktiv brukarmedverknad i eigne forskingsprosjekt.

Undervisingsperiode

17.-19. april 2024

Undervisingsstad

Kurset vert gjennomført med fysisk oppmøte ved Eitri Helseinkubator, Haukeland universitetssjukehus, Bergen.
Undervisingsspråk
Norsk med enkelte innlegg på engelsk.
Påmelding og -fristar

1. februar i Studentweb for studentar ved UiB.

Eksterne deltakarar kan søke om opptak til kurset gjennom Søknadsweb med frist 1. februar.

Dersom du ikkje er student og ikkje treng studiepoenga (ECTS), kan du fortsatt delta ved forelesningane ved å registrere deg gjennom denne lenka:

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=16292475

Krav til forkunnskapar
Mastergrad eller tilsvarande, med unntak av forskerlinjestudentar ved Det medisinske fakultet.
Tilrådde forkunnskapar
Krav om fullført masterutdanning eller opptak ved Forskarlinjene.
Inngår i opplæringsdel
Vert anbefalt som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar knytt til forskerskolane ved CCBIO og Neuro-SysMed.
Vurderingsform

Bestått/ikkje bestått


Brukarvennleg presentasjon av eige forskingsprosjekt (skriftleg). Rapportering av framdrift i gruppearbeid (etter utlevert mal).

Munnleg presentasjon av resultat frå gruppeoppgåver.

Skriftleg/munnleg evaluering av kursets betydning for implementering av brukarmedverknad i eige forskingsprosjekt.

Fagleg overlapp
Ingen
Kven kan delta
Kurset retter seg mot ph.d.-kandidatar og forskarlinjestudentar, men er også ope for forskarar, postdoktorar og andre interesserte.
Utfyllande kursomtale

Bidra til at brukarmedverknad vert implementert i medisinsk og helsefagleg forsking.

Studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap om bakgrunn og hensikt med brukarmedverknad, kombinert med diskusjon og refleksjon omkring eigne erfaringar og forventningar. Kurset legg opp til tett dialog mellom studentar og brukarrepresentantar.

Program
Førebels program kan lesast her: Program CCBIONEUR910 våren 2024
Fagleg ansvar

Nina Louise Jebsen

Kjell-Morten Myhr

Tone Skaar