Kliniske studier

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Kurset er laga for å førebu deltakarane på korleis ein utfører kliniske studiar på menneske. Modulene i kurset er basert på Good Clinical Practice (GCP) og deltakarane vil motta GCP-sertifikat etter fullført kurs.

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kunnskap om korleis og kvifor ein utfører kliniske studiar i samsvar med god klinisk praksis (good clinical practice) og kva regulatoriske hensyn som må følgast.

Ferdigheiter
Kunne vurdere kritisk gjennomførlegheit og utfordringar ved gjennomføring av kliniske studiar.

Kunne sikre at eige forskingsteam har nødvendig kompetanse til å gjennomføre kliniske studiar.

Kunne velge relevant litteratur som omhandlar kliniske studiar.

Generell kompetanse
Modulane vil vere basert på ICH_GCP og deltakarane vil få eit sertifikat for god klinisk praksis (GCP) ved fullført og bestått kurs.

Undervisingsperiode

17.-19. januar 2024

Studiepoeng

2 poeng.

Ved tidligare gjennomført GCP901-kurs gis 1,5 ECTS poeng.

Undervisingsstad

Bergen
Studiepoengsreduksjon
Kurset overlappar delvis med det halvårlige GCP 901 som vert gjennomført av FoU avdelinga, Haukeland Universitetsjukehus og UiB, men har eit sterkare fokus på betydinga av planlegging og praktisk gjennomføring av kliniske studiar, og har såleis ei anna målgruppe. Dei to kursa vil supplere kvarrandre og til saman bidra til økt forståing for korleis kliniske studiar vert utført.
Undervisingsspråk
Engelsk
Påmelding og -fristar

Påmelding for interne studentar i Studentweb med frist 5. januar.

Dersom du ikkje er student og ikkje treng studiepoenga (ECTS), kan du fortsatt delta ved forelesningane ved å registrere deg gjennom denne lenka:

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=16173406

Krav til forkunnskapar
Mastergrad eller tilsvarande, med unntak av forskerlinjestudentar ved Det medisinske fakultet.
Tilrådde forkunnskapar
Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak ved forskarlinja.
Inngår i opplæringsdel
Er anbefalt som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar knytt til forskerskolane ved CCBIO og Neuro-SysMed.
Vurderingsform

Munnleg presentasjon, gruppearbeid.


Bestått / ikke bestått


For å bestå emnet må kandidaten ha:

o delteke på minimum 90 % av kurset.

o førebudd seg og delteke aktivt i gruppeoppgåvene og førebudd ein munnleg presentasjon saman med gruppa. Kurskoordinatorane vil evaluere deltakinga.

For bestått kurs, må deltakarane vidare skrive ei refleksjonsoppgåve på omkring 500-1000 ord, med basis i eiga forsking, av kva dei har lært og korleis dette vil verte implementert i eiga forsking.

Kven kan delta
Kurset retter seg mot ph.d.-kandidatar og forskerlinjestudentar, men er også ope for forskarar, postdoktorar og andre som er interesserte nasjonalt eller internasjonalt.
Utfyllande kursomtale

Kurset består av 5 ulike modular:

Generelle prinsipp

Formalitetar

Reguleringar

Suksessfaktorar

Kliniske studiar i framtida

Kurset er laga for å gjere deltakarane i stand til å utføre kliniske studiar på menneske. Modulane som inngår i kurset er basert på ICH_GCP, og deltakarane vil motta sertifikat for «Good Clinical Practice» ved gjennomført kurs.

Fagleg ansvar

Line Bjørge

Øivind Grytten Torkildsen

Kjernelitteratur