Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Helseinnovasjon

  • Studiepoeng4
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeCCBIONEUR912
  • Ressursar

Hovedinnhold

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Kurset er meint å inspirere kursdeltakarane, og utstyre studentane med tilstrekkeleg kompetanse og kunnskap til å forstå korleis dei kan gå fram for å sikre rettigheitene til, og utforske moglegheitene for å kommersialisere sine framtidige forskingsresultater.

Kurset vil:

A) introdusere innovasjons- og entreprenørskapskonseptet

B) dele erfaringar frå gründerar i forskingsfelta lokalt, ved CCBIO¿s INTPART samarbeidsorganisasjon Harvard Medical School, Neuro-SysMed sin kanadiske partnar Lawson Health Research Institute

C) inkludere praktiske oppgåver der studentane blir bedne om å utvikle ein forretningsidé og planlegge for sikring av intellektuelle rettigheiter

Lokal fagekspertise og medisinske gründerar frå ulike fagfelt vil delta med presentasjonar på kurset, og vil dele og diskutere sin motivasjon og sine erfaringar med å utnytte innovasjonspotensialet i eiga forsking og/eller å starte ei bedrift.

Som avsluttande oppgåve blir studentene bedne om å jobbe i grupper for å utarbeide ein søknad om støtte til å gjennomføre ei validering og/eller testing av appliserbarheiten av ein innovasjonsidé (produkt, metode eller teneste) som har oppstått som resultat av eiga eller andres forsking. Oppgåva vert levert som ein skriftleg søknad med prosjektbeskriving og vert også framstilt muntlig i form av ein kort presentasjon/`pitch¿ inspirert av kurspensum, medisinske gründerar som ein møter i kurset, og rettleiing av desse undervegs. Studentane vil bli presentert for tilgjengelege ressursar, lokale og internasjonale innovatørar, samt innovasjonsprosjekt i ulike utviklingstrinn.

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskaper, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper
Studenten skal tileigne seg

- inngåande innsikt i grunnleggande prinsipp for innovasjon og entreprenørskap, og kjenne til dei viktigaste typane innovasjon

- god innsikt i sentrale begrep innan innovasjonsteori- og metodar

- god kjennskap til regelverket som regulerer beskyttelse og utnytting av idéar frå forsking, og kva plikter og rettar det gir til dei forskjellige involverte partane

Ferdigheiter
Studenten skal kunne

- planlegge vidareutvikling av ein innovativ idé til eit produkt eller ei teneste av kommersiell verdi eller helsemessig nytte. `Kven kontakter ein, og kva gjer ein?¿

- identifisere og vurdere behov og moglegheiter for innovasjon i og utanfor organisasjonen, og vurdere kvalitet og levedyktigheit for prosjekt og idéar

- bruke metodar (`design thinking¿) for utvikling av konsept som har potensiale for innovasjon

- beherske fagområdets uttrykksformer og kunne presentere sin innovasjonsidé som ein `pitch¿

- kunne gjere ei vurdering av innovasjonspotensialet i forskjellige tenkte forskingsprosjekt

Generell kompetanse
Studenten skal kunne

- bruke innovasjonstankegang som ein naturlig del av dagleg arbeid som forskar, og vere bevisst potensiell verdi av eige framtidig åndsverk (`patenterbar idé¿).

- formidle og diskutere teoriar, metodar og eksempler på innovasjon og entreprenørskap

- oppdatere kunnskapen sin om utviklings- og innovasjonsarbeid innan sektoren, og orientere seg om tilgjengelege finansieringsmoglegheiter for innovasjonsprosjekt

- vurdere korleis ein tar hensyn til moglege intellektuelle rettar når ein planlegg ein publikasjon i eit forskingsprosjekt

Undervisningsperiode

Haust (november-desember)

Studiepoeng

4 ECTS

Formelle krav

Påmelding og -fristar

1. september 2021

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Mastergrad eller tilsvarande i relevant fagfelt. Studentene er forventa å kjenne eller gjere seg kjent med læringsplattformen Canvas (mitt.uib.no).

Inngår i opplæringsdel

Ingen spesifikk

Vurderingsform

Mappeevaluering.

I mappa inngår:
Refleksjonsnotat før kursstart om innovasjonspotensialet i eiga forsking. Gruppeoppgåve med framføring/`pitch¿. Oppdatert refleksjonsnotat etter gjennomført kurs. Tilbakemelding til medstudentar.

Karakter: Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Medisinstudentar og andre som har tatt ELMED223-A vil få studiepoengreduksjon (2 ECTS) for deltaking på CCBIONEUR912. Studentar som har tatt ELMED223-A vil dermed kun få 2 ECTS utteljing for CCBIONEURO912.

Kven kan delta

Kurset er ope for alle interesserte ph.d.-studentar, forskerlinjestudentar, postdoktorar og forskarar. Studentar i forskerskolane ved CCBIO og NSM vil bli prioritert.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Hovudmålet for kurset er å inspirere studentar ved forskerskolen for kreft biomarkørar (CCBIO Research School for Cancer Studies) og studentar ved forskerskolen Neuro-SysMed (NSM), samt andre interesserte ph.d.-kandidater, til å aktivt utforske innovasjonspotensialet i eiga forsking. Studentane vil i løpet av kurset tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei i stand til å sikre rettane til, og ta initiativ til å ta kontroll over, bruken av ei oppfinning eller ein potensielt kommersialiserbar ide.

Program

Kurset nytter blanda læring. Hovuddelen av synkron undervisning vert gjennomført på campus på 4 seminardagar fordelt på to 2-dagars seminar. I tillegg vil studentane bli tilbydde asynkron nettbasert undervisning. Studentene vil også arbeide med individuell oppgåve før første seminardag, og sjølvstudium og gruppeoppgåve mellom dei to seminara. Avsluttande individuell kursoppgåve.

1) Asynkron undervisning: nettbaserte videopresentasjonar og oppgåver/sjølvstudium (20 timar)

2) 4 seminardagar med obligatorisk synkron undervisning: forelesningar og bedriftspresentasjonar (30 timar)

3) Individuelle oppgåver (20 timar)

4) Gruppeoppgåver (30 timar)

Antal timar: 100 timar, 4 ECTS

Sjå fullstendig program for kurset på emnets heimeside.

Kontaktinformasjon

Emneansvarleg CCBIO: Agnete Engelsen
agnete.engelsen@uib.no

Emneansvarleg Neuro-SysMed: Nina Grytten Torkildsen
nina.grytten@helse-bergen.no

Medansvarleg Neuro-SysMed: Magnus Alvestad
magnus.alvestad@helse-bergen.no

Koordinator CCBIO: Ning Lu
ning.lu@uib.no

Koordinator Neuro-SysMed: Hilde Norborg
hilde.norborg@uib.no

Administrasjon: Kjetil Harkestad
kjetil.harkestad@uib.no

Fagleg ansvar

Agnete Engelsen

Nina Grytten Torkildsen

Magnus Alvestad

Innleiarar

Fagekspertise frå Det medisinske fakultet og Forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA) ved Universitetet i Bergen deltek som innleiarar på kurset.

Sjå utfyllande og oppdatert liste over foredragshaldarar i programmet på kursets heimesider.

Kjernelitteratur

`Diciplined entrepeneurship¿ by Bill Aulet (ISBN: 9781118692288).

Sjå fullstendig litteraturliste på kurssidene.

Undervisningsstad

Hovuddelen av synkron undervisning (4 seminardagar) vert halden på campus for Det medisinske fakultet, UiB.

Kurset kan haldast digitalt ved behov. Andelen synkron/asynkron undervisning vil bli verande den same.

Kontakt

Undervisningsperiode

Haust (november-desember)