Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Kvalitativ forsking B - teori, presentasjon og refleksjon

  • Studiepoeng1
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeCDP925B
  • Ressursar

Kursomtale

Kursinnhald

Kurset gir studentane ein dialogbasert læringsarena der dei får erfaring med å tileigne seg og presentere teoretisk kunnskap om kvalitativ forsking, reflektere kring kvalitativ forsking, etikk og forskingsprosessar, presentere eige arbeid, og vurdere og gi tilbakemelding på andre sitt arbeid. Kurset går over tre samlingar, der ein gjennom arbeidet med førebuing og gjennomføring av ulike obligatoriske arbeidskrav, tilbakemelding frå faglærarar og medstudentar, samt diskusjon og refleksjon med andre som driv kvalitativ forsking tileignar seg viktig teoretisk kunnskap og sentrale ferdigheter knytt til gjennomføring, presentasjon og vurdering av kvalitativ forsking.

Emnet er et vidaregåande praktisk og teoretisk metodekurs for PhD-studentar som har kvalitative prosjekt eller delprosjekt. Kurset vil bli tilpassa slik at stipendiatane kan delta uavhengig av kva tilnærming til kvalitativ metode som ein nyttar i sitt prosjekt. Hovudvekta av litteraturen i kurset er knytt til ei hermeneutisk-fenomenologisk tilnærming til kvalitativ forsking, og tematisk analyse som eksempel på ein måte å analysere kvalitative data. Det er i tillegg valfri litteratur, slik at stipendiatane kan fordjupe seg i den analysetilnærminga dei nyttar i sitt prosjekt.

Kandidaten skal ved fullført emne

  • kunne planlegge ei kvalitativ studie og samle inn kvalitative data av høg kvalitet
  • Kunne formidle kvalitative forskningsresultat på ein god måte

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Generell kompetanse

Ved fullført emne:

  • Kjenner kandidaten til sentrale teoretiske og vitskapsteoretiske problemstillingar knytt til gjennomføring og vurdering av eit kvalitativt forskingsprosjekt.
  • Har kandidaten god oversikt over litteraturen innanfor metoden

Kunnskap

Ved fullført emne:

  • Kjenner kandidaten til sentrale teoretiske og vitskapsteoretiske problemstillingar knytt til gjennomføring og vurdering av eit kvalitativt forskingsprosjekt.
  • Har kandidaten god oversikt over litteraturen innanfor metoden

Ferdigheiter

Ved fullført emne

  • Kan kandidaten reflektere kritisk kring teoretiske problemstillingar innan kvalitativ forsking
  • Kan kandidaten drøfte moglegheiter og utfordringar i ein kvalitativ forskingsprosess
  • Kan kandidaten rapportere metodisk framgangsmåte, presentere kvalitative for-skingsfunn og drøfte funna refleksivt.
  • Kan kandidaten vurdere kvaliteten på kvalitativ forsking
  • Kan kandidaten gi konstruktiv tilbakemelding på andre forskarar sitt arbeid

Undervisningsperiode

Vår

Studiepoeng

1 studiepoeng

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom studentweb, frist 2. januar.

Krav til forkunnskapar

Profesjonsutdanning i psykologi eller medisin, eller annan relevant mastergrad. Tatt opp i ph.d.-program.

Vurderingsform

Deltaking på alle samlingar (3 x 4 timar seminar)

Fagleg overlapp

1 studiepoeng i reduksjon med CDP925A
(CDP925A + CDP925B = 5 studiepoeng)

Kven kan delta

Primært for doktorgradskandidatar. Andre kan søke om å få delta.
Studiepoeng blir tildelt kandidatar med opptak til forskarutdanninga ved UiB

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Type kurs: Metode. Emnet er eit vidaregåande praktisk og teoretisk metodekurs for ph.d.-kandidatar som har kvalitative prosjekt eller delprosjekt.

Undervisning: 12 timar seminar fordelt på 3 samlingar

Kontaktinformasjon

post@psysp.uib.no/55 58 86 22

Fagleg ansvar

Det psykologiske fakultet

Kjernelitteratur

Litteraturliste vil bli tilgjengeleg i god tid før kursstart

Undervisningsstad

UiB, Bergen

Undervisningsperiode

Vår