Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Berekraftig innovasjon

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Klima- og energiomstilling og bærekraftig utvikling krever innovasjon i alle samfunnssektorer. Verksemder både i offentlig og privat sektor er i aukande grad avhengige av evne til omstilling og innovasjon, og mange av desse utfordringane er knytta berekraft. Målet med eit tverrfagleg emne i berekraftig innovasjon er at studenten skal tileigne seg praktisk og teoretisk kompetanse som kan nyttast i nyskapingsprosessar når studenten skal ut i arbeidslivet.

Emnet omfattar både ei teoretisk og ei praktisk tilnærming. Studenten tileignar seg metodar for innovasjon, berekraftig utvikling, kreative prosessar og tverrfagleg samarbeid ved hjelp av case-basert læring. Emnet legg opp til at studentane lærer stega i metodane gjennom å delta aktivt i case-baserte innovasjonsprosessar.

Emnet kombinerar teori med praksis:

  • Teoretisk del: teoretisk gjennomgang av innovasjonsmetodikkar som «design thinking», grønn innovasjon og sosialt entreprenørskap, samt teoriar om og modellar for berekraftig utvikling.
  • Praktisk del: Studentane jobbar i tverrfaglege grupper der metodane frå teoridelen blir brukt i praksis gjennom å arbeide med eksempel. Eksempla vert utvikla i samarbeid med partnarane frå arbeids- og næringsliv.

Emnet omfattar sentrale metodar og teoriar innan innovasjon- og entreprenørskap og kreativitet, med vekt på korleis ein skapar berekraftige løysingar, konsept og forretningsmodellar. Emnet er praksis-orientert, medan det gir studenten høve til ei brei teoretisk tilnærming.

Emnet åpent for studenter fra alle studieretningar.

Læringsutbyte

Etter gjennomført tverrfagleg emne i berekraftig innovasjon har/kan studenten:

Kunnskap

  • brei kunnskap om innovasjonsprosesser, metodar for grøn innovasjon, sosialt entreprenørskap og tverrfaglig samarbeid, inklusive berekraftige verksemdsmodellar og metoden «design thinking» / «human centred design»;
  • kunnskap om klima- og energiomstilling, FNs mål for berekraft samt korleis ulike sider av bærekraft samspelar;
  • kunnskap om korleis ein kan evaluere innovasjoner frå eit berekraftsperspektiv, inklusiv korleis desse modellane verkar på samspelet mellom menneske, miljø og økonomi i samfunnet.

Ferdigheiter

  • bruke innovasjonssmetodikk i praksis som eit verktøy for å løyse reelle utfordringar i samfunnet eller i verksemder;
  • metodar for å jobbe i tverrfaglege grupper;
  • metodar for å arbeide med berekraft og grønn omstilling i offentlig og privat sektor.

Generell kompetanse

  • planlegge og gjennomføre eit tverrfagleg innovasjonsprosjekt knyttet til berekraft;
  • formidle sentrale teoriar om og metodar for berekraftig innovasjon;
  • reflektere over etiske problem knytt til innovasjon og berekraft.

Krav til forkunnskapar

Avlagt eksamen i universitets- eller høgskulefag tilsvarande minimum 60 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

Ex.phil eller ex.fac eller tilsvarande.

Krav til studierett

Ope for alle studentar ved UiB.

Emne har 30 studieplassar. Ved kapasitetsproblem vil vi etterstrebe ei tverrfagleg samansett studentgruppe.

Emnet har undervisningssøknad. Søknad er undervisningsmelding i Studentweb innan 21. januar.

Arbeids- og undervisningsformer

6-10 samlingar (modular á 3-7 timer), totalt 25-40 timer. Modulane vil samlast rundt eit kurseksempel og nytte «design thinking» og berekraft som gjennomgåande tilnærming til innovasjonsprosessar. Rettleiarar og forelesarar vil vere til stades i alle dei seks modulane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Samlingane er obligatoriske, men eit fråvær på inntil 20 % kan godkjennast. Det er venta at studentane jobbar saman mellom samlingane.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg presentasjon av prosjektoppgåve (60%)
  • Diskusjonsnotat (40%)

Gruppene held ein 20 minuttars munnleg presentasjon av prosjekta framføre studentar, rettleiarar, case-eigarar, og eit panel av sensorar (tel 60%). I tillegg skal alle studentar levere eit individuelt diskusjonsnotat på 2500 ord (tel 40%), der studenten skal drøfte ein gitt problemstilling i relasjon til teori og samarbeidsprosessen i kurset.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg presentasjon og diskusjonsnotat

    Trekkfrist
    21.03.2019
    • Eksamensdel: Munnleg presentasjon

      Dato
      04.04.2019, 09:00
      Varigheit
      8 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Diskusjonsnotat

      Innleveringsfrist
      17.04.2019, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen