Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Intervention science in maternal and child health

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Emnet omhandla avanserte metodologiske og konseptuelle tilnærmingar til intervensjonsforsking på mødrer- og barnehelse. Emnet er ein unik moglegheit for PhD-kandidatar og Post doktorar, samt etablerte forskarar, til å bli kjent med variert tilnærmingar til forskingsdesign, analyse og tolking i intervensjonsforsking på mødrer- og barnehelse. Både etablerte og nye metodar vil bli utforska igjennom førelesningar, gruppearbeid og oppgåver.

Førelesingar og undervisningsmateriale vil være på engelsk. Emnet er anbefalt for norske og internasjonale forskarar. Inviterte førelesarar er nøye utvalt basert på ekspertise innan eige fagfelt. Tematikken vil variere frå år til år. Emne blir satt opp i juni kvart år og innhaldet blir annonsert i desember året før.

Tidlegare tema og kommande tema vil være tilgjengeleg på: https://www.uib.no/en/cismac

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten
Kunnskap:
Kunne gje ein oversikt over fagfeltet adressert i kurset med spesiell vekt på korleis innhaldet er relatert til mødrer- og barnehelse.

Ferdigheiter:
Forklare hovudtematikk og tilnærming, og kunne tilpasse og inkorporere dette i eksisterande og framtidige forskingsprosjekt.
Forstå og være i stand til å forstå korleis ein kan implementere metodar og tilnærmingar frå emnet i forskingsprosjekt.
Kunne kjenne igjen verdien og nytten av metodane og tilnærmingane diskutert i undervisninga og være i stand til å anvende desse i intervensjonsforsking på mødrer- og barnehelse.

Generell Kompetanse:
Kunne anvende nøkkelkonsept og perspektiv frå fagfelte på ein uavhengig måte, i noverande og framtidige forskingsprosjekt.

Undervisningsperiode

Vår

Studiepoeng

5 STP

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Emnet er avlyst våren 2020.

Krav til forkunnskapar

Det er krav om fullført mastergrad eller tilsvarande utdanningsnivå, med unntak av studentar på forskarlinja.

Tilrådde forkunnskapar

Kurset er på engelsk. Deltakarane må kunne lese og skrive engelsk. I tillegg må alle ha kunnskap om forskingsmetodar på masternivå.

For 2020:

Alle må kjenne til boka Epidemiology: An Introduction, by KJ Rothman

Inngår i opplæringsdel

Kan inngå som emne i opplæringdelen i PhD-programmet ved Det medisinske fakultet. Anbefalt for kandidatar knytt til CISMAC sin forskerskule.

Vurderingsform

Bestått / ikkje bestått

Godkjent presentasjon/heimeeksamen er ein forutsetning for å oppnå 5 studiepoeng for emnet.

Kven kan delta

PhD-kandidatar, Post doc og etablerte forskarar. Anbefalt for kandidatar knytt til CISMAC sin eigen forskarskule.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Sjå den engelske omtalen av emnet.

Kontaktinformasjon

cismac@uib.no

Fagleg ansvar

Halvor Sommerfelt

Kjernelitteratur

Litteraturlista vil bli tilpassa og justert før kvart semester tilsvarande arbeidsmengda for 5 STP.

Undervisningsstad

Det medisinske fakultetet

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Vår