Hjem
Studentsider
Masteremne

Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master og ph.d.

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Ut frå tekstteori, argumentasjonsanalyse og sjangeranalyse, gir kurset ei innføring i oppbygging og språkbruk i lingvistiske og datalingvistiske artiklar skrivne på norsk og på engelsk. Vidare omtalar kurset bruk og oppsett av referansar, val av tittel, og samandrag. Kurset legg vekt på lingvistisk terminologi og kurant vitskapleg språkbruk i lingvistiske fag. Innhaldet i kurset inkluderer også effektiv bruk og grafisk framstilling av spesielle tekstelement med særleg relevans for lingvistiske fag, m.a. lingvistiske eksempel med omsetjingar og glossar, flytdiagram (flowcharts), dataframstilling i tabellar, trestrukturar, grafisk output frå statistisk programvare, fonetisk skrift og framande alfabet, dataprogram og matematiske formlar.

Språkvitskapleg skriving er retta mot master- og ph.d.-studentar innan lingvistikk og språkfaga.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

  • gjere greie for korleis ein tekst er bygd opp med omsyn til sjanger, språkbruk og argumentasjon, i forhold til prinsippar i tekstteori.

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • strukturere ein tekst med riktig sjanger, språkbruk og argumentasjon;
  • bruke tekstelement som t.d. eksempler, figurar og tabellar i samsvar med vanleg praksis i lingvistiske fag.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • bruke ein skrivemåte som passar til vitskapelege artiklar, masteroppgåver og ph.d -avhandlingar etter tekstteoretiske prinsippar og skrivetradisjonen i lingvistiske fag

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

DASP307 er ope for ph.d.-studentar, studentar på masterprogrammet i lingvistikk, og for alle med studierett på eit språkleg masterprogram ved UiB.

Studentar på andre program enn masterprogrammet i lingvistikk må søkje sitt eige institutt om å få ta emnet som del av mastergraden sin.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av førelesingar, diskusjonsseminar og praktiske øvingar, omlag 12 timar pr semester. Studentane skal:

  • analysere tekstar og skilje mellom passande og mindre passande oppbygging, språkbruk, argumentasjon og visuell framstilling
  • korrigere problematisk språkbruk og lingvistisk terminologi (norsk og engelsk) i utkast til tekstar
  • lage ein større tekststruktur og bygge opp ein argumentasjon ut frå ei språkvitskapleg problemstilling.
  • velje ein tittel og lage eit samandrag for ein språkvitskapleg tekst

Studentane skal på ein effektiv måte framstille og bruke følgjande element i argumentasjonen:

  • lingvistiske eksempel med glossar og omsetjingar
  • formlar og tabellar
  • trestrukturar, flytdiagram og andre figurar
  • dataprogram og lister
  • fonetisk skrift og framande alfabet

Det vert brukt datamaskin og programvare som støttar opne format for tekstar og bibliografiar (t.d. LaTeX/BibTeX).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering (1. februar / 1. september).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Studentane skal levere ei mappe beståande av 2 delar. Innhald og problemstilling for kvar del vert gitt fortløpande. 

Omfanget av kvar del skal vere mellom 600 og 1200 ord (utanom ev. data i vedlegg og referansar).

Alle delane dannar grunnlag for ein samla karakter og blir vekta likt. Vurdering vil skje fortløpande gjennom semesteret. Alle delar må vere beståtte (karakter A-E) for at eksamenen er bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Pensum, bibliotekressursar, og referansar og verktyg angitt av faglærer. Alle brukte hjelpemidlar bør siteras.

Karakterskala

A-F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Vitskaplege artiklar innan retorikk og tekstanalyse, ei samling av korte språkvitskaplege tekstar og digitale kursnotater, totalt tilsvarande ca. 150 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Emneansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Administrativt ansvarleg

studieveileder@lle.uib.no

Kontakt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    15.02.2021
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 1

      Innleveringsfrist
      08.03.2021, 16:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 2

      Innleveringsfrist
      13.04.2021, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen