Statistikk for kognisjonsforskning
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeDASPSTAT
- Talet på semester1
- Språk Norsk, engelsk ved behov.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan kognisjonsvitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar og para og upara t-test, samt ikkje-parametriske testar som ikkje har normalfordeling som føresetnad: Mann-Whitney U-test, Wilcoxon og kji-kvadrat og krysstabelltest. Studentane vil bli kjende med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil.
Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for statistisk evaluering av statistisk signifikans, og relevans. Undervisninga er lagd opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for språkvitskap, ved hjelp av språkleg relevante eksempel. Dei skal óg kunne velje ein riktig statistisk test og utføre analysen ved hjelp av eit eigna statistikkprogram.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar....
- om statistiske teknikkar og modellar.
- om god praksis for statistisk analyse av eksperimentelle data innan kognisjonsvitskapane.
- om teoriar og konvensjonar innan statistisk analyse.
- om ulike måtar til å formidle statistiske resultat best mogeleg.
- kring analytiske modellar.
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- bruke statistisk programvare, til dømes R.
- bruke teoriar og konvensjonar til å skape analysemodellar.
- rapportere statistiske resultat korrekt i tekst og grafar.
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- jobbe sjølvstendig med eit empirisk materiale.
- velje korrekte testar for enklare eksperimentdesign.
- ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar.
- sette inn statistisk analyse i ein relevant fagleg samanheng.
- forberede eksperimentelle design som er eigna for statistisk analyse.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
DASP106: 5 studiepoeng.
DASP302: 5 studiepoeng.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Dei spesifikke måla blir nådd gjennom deltaking i undervisninga, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar, samt øving ved datamaskin med statistikkprogram. Førelesingar omlag 2 timar i veka.
Emnet består av oversiktsseminar over sentrale omgrep innan statistikk, med eksempel innan det språkvitskaplege forskingsfeltet. Det vert opna opp for diskusjon kring vanskelege omgrep, og rettleiing kring korleis data vert formaterte for automatisk prosessering med hjelp av statistikkprogrammet. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Fordjuping og eksemplifisering skjer gjennom øvingar ved datamaskin, der studenten skal få ei praktisk forståing for statistisk prosessering i programmet. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal verte dekte av førelesningar og seminar, eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og aktiv deltaking på undervisningsseminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein skriftleg rapport skal leverast inn, som skildrar løysinga til ei vald oppgåve. Øvingsoppgåva må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til heimeeksamen.
Vurderingsformer
Tre dagars heimeeksamen, med løysing av statistisk analyse og rapportering av funn. Vi testar kunnskap, ferdigheiter og evne til å sette kunnskapen inn i ein samanheng.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Pensum er totalt på ca 300 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i språkvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen