Innføring i programmering
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeDATA110
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Emnet gjev innføring i programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program og forstå grunnleggjande omgrep i eit moderne programmeringsspråk, blant anna variable, tal- og tekst-operasjonar, val- og løkkestrukturar, funksjonar, iterasjon, samlingsstrukturar, filer, klassar og elementære prinsipp for objekt-orientering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innan programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk.
- har kjennskap til datamaskinen sin virkemåte, eksekvering og datalagring.
Ferdigheit
Studenten
- har erfaring med bruk av programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar.
- har erfaring med verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.
- kan utforme enkle program som handterer ulike type data.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Ope for studentar med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 4 timar data-lab i 14-16 veker).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 3 hovudinnleveringar som må godkjennast.
- 7-8 temainnleveringar, der 80% må godkjennast.
Oppgåvene er gyldige i fire semester etter det semesteret dei har vorte godkjende. Gyldige obligatoriske arbeidskrav er ekvivalente med obligatoriske arbeidskrav på INFO132.
Vurderingsformer
4 timar karaktersett skriftleg eksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Studentar på bachelorprogrammet i informasjonsvitskap, medie- og interaksjonsdesign, eller årsstudiet i informasjonsvitskap som har gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå DATA110 kan ta ordinær eksamen i INFO132.
Avgrensninga i talet på vurderingsforsøk (Studieforskrifta §6.8) gjeld samla for emna DATA110 og INFO132.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)
- Dato
- 16.09.2022, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen