Databasar
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeDATA120
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust (første gong hausten 2020)
Mål og innhald
Emnet gir innføring i handtering av data i tabell-format, blant anna rekneark og relasjons-databasar. Studentane skal lære å importere data frå regneark og databasar til program, samt datahandtering ved hjelp av SQL både mot eksterne databasar og i eigne program. Det vert òg gitt innføring i prinsipp for datalagring som databaseskjema og normalformer. Det vert lagt vekt på datautveksling og handtering via programmeringsspråket Python.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om data-utveksling og handtering av tabell-data ved hjelp av programmeringsspråket Python.
- har inngåande praktisk kunnskap om sentrale omgrep i relasjonsdatabasar knytt til lagringsprinsipp samt datahandtering ved hjelp av SQL.
- har kjennskap til korleis ein hentar inn data frå andre tabell-baserte lagringsmedium, som rekneark.
Ferdigheit
Studenten
- kan bruke SQL til data-definisjon, -innhenting og -handtering.
- kan grunnleggjande database-programmering i Python.
- kan hente inn og transformere data frå regneark ved hjelp av Python.
Studiepoengsreduksjon
INFO125 (5 sp)
Krav til studierett
Ope for studentar med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 2 timar data-lab i 6-8 veker).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
2 obligatoriske innleveringar som må godkjennast.
Vurderingsformer
Skuleeksamen, 3 timar.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Trekkfrist
- 28.01.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen