Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Strukturerte data

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gir innføring i handtering av strukturerte data og dokument i format baserte på tre-modeller. Studentane skal lære å hente inn, transformere og lagre data i standardformata JSON og XML. Det vert lagt vekt på data-utveksling og -handtering i programmeringsspråket Python.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Har grundig praktisk kunnskap om sentrale omgrep om strukturerte data og dokument.
  • Har grunnleggjande kunnskap om tre-modeller for strukturerte data og dokument.
  • Har brei kunnskap om data-utveksling og handtering av strukturerte-data og dokument ved hjelp av programmeringsspråket Python.

Ferdigheit

Studenten

  • Kan lagra data i JSON og XML-formata på en føremålstenleg måte.
  • Kan bruke skjema- og spørje-språk som Xpath, Xquery, Xschema.
  • Kan utveksle og transformere strukturerte data ved hjelp av Python.
  • Bruke verktøy for å opprette/redigere strukturerte data og dokument.

Krav til forkunnskapar

DATA110, INFO132 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

INFO135 (5 sp)

Krav til studierett

Ope for studentar med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 2 timar data-lab i 6-8 veker). 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1 obligatorisk innlevering som må godkjennast.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 3 timar.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    21.12.2022, 15:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    07.12.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen