Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Rå-data

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i å hente inn og transformere data som er uorganiserte eller i frie format. Det vil væra fokus på programmeringsteknikkar for slike føremål, som filbehandling og objekt-lagring, enkle datastrukturar, data frå nett, samt teksthandtering, blant anna teiknsett og regulære uttrykk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Har brei kunnskap om programmering for transformering av data.
  • Har grunnleggjande kunnskap om programmering for innhenting av data.
  • Har kjennskap til anna programvare for føremålet, som Beautiful Soup og objektdatabasar.

Ferdigheit

Studenten

  • Kan lage enkle program for innhenting og transformering av data ved hjelp av programmeringsspråket Python, eventuelt i kombinasjon med anna programvare.

Krav til forkunnskapar

DATA110, INFO132 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

www.uib.no/nb/emne/INFO135

INFO135 (5 sp)

Krav til studierett

Ope for studentar med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 2 timar data-lab i 6-8 veker). 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 obligatoriske innleveringar som må godkjennast.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 3 timar.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    30.11.2020, 15:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    16.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen