Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Datasett

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Programmering og verktøy for tilrettelegging og analyse av data. Import og eksport av data. Visualisering. Omforming og transformering av datasett (`Data wrangling`). Ressursar og programvare i Python for analyse, som PANDAS og NLTK.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Har grunnleggjande kunnskapar om omforming og tilrettelegging av data for analyse.
  • Har grunnleggjande kunnskapar om visualisering.
  • Har kjennskap til programvare for analyse, som PANDAS og NLTK.

Ferdigheit

Studenten

  • Kan tilretteleggje datasett for analyse ved hjelp av Python.
  • Kan gjennomføre enkle analyser ved hjelp av Python og Python-basert programvare.

Krav til forkunnskapar

DATA110, INFO132 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ope for studentar med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 2 timar data-lab i 6-8 veker). 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1 obligatorisk innlevering som må godkjennast.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 3 timar

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    13.12.2022, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    29.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted