Engelskdidaktikk 2
- Studiepoeng7.5
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeDIDAENG2
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk og norsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
7,5
Studienivå (studiesyklus)
Praktisk-pedagogisk utdanning
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Fagdidaktikk i engelsk inngår som ein del av universitetet si engelsklærarutdanning og er ei vidareføring av Engelskdidaktikk 1. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i engelsk hjå elevane og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.
Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere engelskfagleg kunnskap til det å vere engelsklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eiga språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæring hjå elevane.
Studiet er organisert slik at ein har noka undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein felles kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på felles dannings-målsetjingar for språkfaga i skolen.
Studiet er sett saman av fire målområde som inngår i begge modulane:
- Faget sitt potensial og utvikling
- Teoriar om kommunikasjon, kultur og sjanger
- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for læring
- Rettleiing og vurdering
Læringsutbyte
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur, språklæring og forsking, og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk og generelt til å vidareutvikle eigen kompetanse i engelskdidaktikk.
Kunnskapar
Kandidaten
- har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
- har innsikt i engelsk som kultur-, dannings- og ferdigheitsfag
- har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
- har kjennskap til forskingsmetodar innanfor språkdidaktikk
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan vurdere engelskundervisning med omsyn til nasjonale læreplanar og elevane sine ulike læringsmåtar
- har utvikla evne til å planleggje og gjennomføre tilrettelegging av læringssituasjonar som er formålstenlege for den einskilde elev si språklæring og dei mål som er nedfelte i læreplanane
- har utvikla evne til å støtte elevane i arbeidet med å lære engelsk og lære å lære
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av engelskfaget og kan kunne vurdere elevane si læring i engelsk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse
- kan gjennomføre forskingsbaserte undersøkingar i språkdidaktikk
- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan gjere greie for engelskfaget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv
- kan undersøkje og drøfte engelsklæring i lys av kunnskap innanfor dei engelskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
- har vidareutvikla strategiar til å fornye og utvikle fagdidaktisk kompetanse i engelsk, til dømes ved å reflektere over og vurdere eiga og andre si undervisning
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
- om lag 20 timar undervisning fordelt mellom førelesingar og seminar
- rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er krav om 80% oppmøte til undervisninga.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er eit val mellom ein ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel.
Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåve) skal ha eit omfang på om lag 4000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva vert skriven på engelsk.
Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen. Studenten får 15 minutt av totalt 30 til presentasjonen sin. Munnleg eksamen vert halden på engelsk. Munnleg eksamen kan bli digital for studentar som vel denne vurderingsordninga.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til faget sitt læringsmål. Av desse er eit utval sams for språkfaga.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet
Emneansvarleg
Fagmiljøet i engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Oppgåve
- Innleveringsfrist
- 13.10.2023, 13:00
- Trekkfrist
- 29.09.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Digital innlevering, Inspera
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Dato
- 13.10.2023, 08:00
- Varigheit
- 8 timer
- Trekkfrist
- 29.09.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen