Hjem
Studentsider
Årsstudium

Filosofididaktikk 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

7.5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

DIDAFIL2 skal gje studentane ei fordjuping i filosofiens fagdidaktikk. Emnet skal gje rom for vidare refleksjon over praksiserfaring frå første semester, og for utvikling av undervisningsopplegg til den andre praksisperioden. Eit sentralt tema er samanhengen mellom teoretisk didaktikk (fagets «kva» og «kvifor») og praktisk didaktikk («korleis undervisa i filosofi»).

Emnet vidarefører drøftingar av tilhøvet mellom filosofi som kulturfenomen (filosofihistorie), som temafelt (filosofiske disiplinar) og som metode (kritisk tenkning). Emnet vidarefører refleksjonar over tilhøvet mellom metode og innhald, og tek mellom anna føre seg ulike typer læremiddel i faget.

DIDAFIL2 legg særleg vekt på lese- og skrivedugleikar (td arbeid med originallitteratur i klasserommet og læring gjennom skriving).

Emnet skal styrka grunnlaget for sjølvstendig planlegging, grunngjeving, gjennomføring og vurdering av undervisning i filosofi. Studiet tar sikte på å auke studentanes kompetanse når det gjeld å gjennomføre, vurdere og vidareutvikle eigne dugleikar i forhold til så vel klasseundervisning som individuell rettleiing.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • Kunnskap om ulike undervisningsmetodar og læremidlar
  • Kunnskap om metafilosofiske problemstillingar med særleg relevans for undervisning i faget

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • Planleggja og gjennomføra undervisning i filosofi
  • Reflektera sjølvstendig over samanhengar mellom eigne filosofiske standpunkt, læreplanar og undervisningsmetodar
  • Reflektera over eiga læring som grunnlag for undervisning

Kompetanse:

Fullført emne inngår som del av den formelle kvalifikasjonen til undervisningsstillingar i skulen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: 2 timer per veke i 7 veker, totalt 14 timar. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For dei som vel prosjektoppgåve:

  • Utkast til ei prosjektoppgåve. Utkastet må vere på minimum 1500 ord
  • Drøfting av oppgåva i plenum
  • Individuell rettleiing

For dei som vel munnleg eksamen, to obligatoriske arbeidskrav:

  • Førebudd kommentar i samband med drøfting av prosjektoppgåver
  • Presentasjon av refleksjonsnotat i seminar

Vurderingsformer

Vurdering som omfattar:

Anten:

1) Ei rettleidd prosjektoppgåve som òg har vore framlagt på seminar (sjå obligatoriske aktivitetar). Oppgåva skal være på omlag 5000 ord.

Eller:

2) Munnleg eksamen som tek utgangspunkt i eit refleksjonsnotat på inntil 1500 ord (sjå obligatoriske aktivitetar).

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er samansett av innføringsverk og/eller artiklar som tek føre seg ulike sider ved emnet.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    26.05.2021, 13:00
    Trekkfrist
    05.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Eksamensperiode
    31.05.2021–04.06.2021
    Trekkfrist
    17.05.2021