Hjem
Utdanning
Årsstudium

Geografididaktikk 3

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeDIDAGEO3
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

DIDAGEO3 er retta inn mot studentar som har fått opptak til PPU med eitt undervisningsfag.

Målet med studiet i fagdidaktikk for geografi er at studentane skal lære å reflektere kritisk om forholdet mellom praksisfeltet og eige praksiserfaringar. Studiet vektlegg både legitimering av skulefaget, vurderingar og val av innhald i faget og ulike metodar som kan bidra til læring av geografi.

Emnet vil fokusere på elevane sine føresetnader og ungdomskultur i eit romleg perspektiv. Det blir lagt vekt på ulike former for kartforståing og haldningar til, og oppfatning av, ulike geografiske hendingar og fenomen.

Emnet vil også vektleggja forholdet mellom individ, samfunn og stad- i eit geografisk perspektiv.

I tillegg skal studentane lære om digital kompetanse, verktøy og kjelder. Det vert vektlagt forståing og bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) i skulen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal ha spesialisert kunnskap om geografifaget sin eigenart og utvikling som forskingsfag, studiefag og skulefag
  • kan drøfte fordelar og ulemper ved eit skulefag som hentar innhald og metodar både frå naturgeografi og samfunnsgeografi
  • skal kunne nyttiggjere seg av kompetanse om ulike former for elevføresetnader i geografifaget
  • skal kunne nyttiggjere seg kompetanse og forståing av ulike former for digital kompetanse som kan nyttast i geografiundervisning

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
  • bruke varierte og relevante metodar i geografiundervisning på ungdomstrinnet og tilpasse opplæringa i faget, slik at den tar omsyn til elevens faglige nivå, interesse og evne til kritisk tenking
  • gi underveis- og sluttvurdering, informere om i kva grad mål er oppnådd og gje faglege vurderingar
  • leie og motivere elever både i natur- og samfunnsgeografisk fagleg arbeid
  • bidra til å skape trygge konstruktive og inkluderande læringsmiljø
  • bidra til at geografifaget får sin rettmessige plass og oppmerksamheit i skulen

Generell kompetanse

Studenten kan

  • gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
  • analysere og vere bevisst geografilæraren si rolle i skulekvardagen og i samfunnet
  • grunngi geografifaget sin plass som obligatorisk og valbart skulefag

Krav til studierett

Opptak til PPU med geografi, basert på kvalifisering for eitt fag. Studentar som kvalifiserer for to fag kan ikkje ta emnet, som er eit supplement til DIDAGEO1.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og øvingar. Totalt 20 timer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på seminar (minimum 80%)

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar, 3000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Evaluering kvart 3. år

Emneansvarleg

Odd Inge Steen (Odd.Steen@uib.no)

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@geog.uib.no