Hjem
Utdanning
Årsstudium

Geografididaktikk 4

  • Studiepoeng7.5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIDAGEO4
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

DIDAGEO4 er retta inn mot studentar som har fått opptak til PPU med eitt undervisningsfag.

Emnet tek utgangspunkt i ulike geografiemne av både naturfagleg og samfunnsfagleg karakter og ser desse i samanheng. Det vektlegg både legitimering av skulefaget, vurderingar og val av innhald i faget og ulike metodar som kan bidra til læring av geografi.

Sentralt i emnet er kunnskap om demokrati og politisk danning i eit geografisk perspektiv.

Det vert også lagt vekt på ulike former for digital simulering, og korleis desse kan bidra til auka kunnskap om globale spørsmål og utvikling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for geografifaget sin eigenart og utvikling som forskingsfag, studiefag og skulefag
  • kan drøfte fordelar og ulemper ved eit skulefag som hentar innhald og metodar både frå naturgeografi og samfunnsgeografi
  • kan gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
  • kan bruke varierte og relevante metodar i den obligatoriske geografiundervisning i ungdomsskulen og tilpasse opplæringa i faget, slik at den tar omsyn til elevens faglige nivå, interesse og evne til kritisk tenking
  • kan gje underveis- og sluttvurdering, informere om i kva grad mål er oppnådd og faglege vurderingar
  • kan leie og motivere elever både i natur- og samfunnsgeografisk fagleg arbeid
  • kan bidra til å skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
  • kan gjere greie for, drøfte og samanlikne geografiundervisning i ungdomskule og i vidaregåande skule

Generell kompetanse

Studenten

  • kan grunngje geografifaget si plass som obligatorisk og valbart skulefag
  • kan forklare og grunngje geografifaget som eit dagsaktuelt og demokratibyggjande fag
  • kan analysere og vere bevisst geografilæraren si rolle i skulekvardagen og i samfunnet

Krav til studierett

Kurset byggjer på DIDAGEO 1 og 3, basert på kvalifisering til eitt fag. Studentar som kvalifiserer for to fag kan ikkje ta emnet, som er eit supplement til DIDAGEO2.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar, øvingar. Totalt 20 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på seminar (minimum 80%)

Vurderingsformer

Skuleeksamen (4 timar)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Evaluering kvart 3. år

Emneansvarleg

Odd Inge Steen: Odd.Steen@uib.no

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@geog.uib.no