Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagtekst og skriverettleiing

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Lesing og skriving er grunnleggjande i alle fag i skulen. Emnet handlar både om skriveopplæring som sentralt humanistisk danningsemne, og om skriving som læringsverktøy i ulike fag.

Emnet skal formidla forståing for skriving som måte å tileigna seg kunnskap på, og byggjer på tverrfagleg humanistisk kunnskapsgrunnlag som hermeneutikk, retorikk og argumentasjonsanalyse. Emnet har som siktemål å gje studentane eit repertoar av ulke praktiske skriveøvingar og skriveformer som kan bli ressursar i eiga undervisning. I tillegg skal studentane aktivera og reflektera over eiga erfaring med fagskriving.

Studiet tek opp tema som skriveprosess, skriveøvingar, responsarbeid og tekstrettleiing, genreforståing og argumentasjonslære.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i læreplanverket
  • har kunnskap om sentrale omgrep for arbeid med fagtekst, retorikk og argumentasjon
  • har kunnskap om mål og metodar for skriveopplæring og skriving som læringsverktøy

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttiggjera tilnærmingar for skriveopplæring og bruk av skriving som læringsverktøy i eige fag
  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera undervisningsopplegg der skriving står sentralt
  • kan nytta eiga erfaring med fagskriving som ressurs i planlegging og gjennomføring av undervisning
  • kan reflektera over eiga undervisning

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta og formidla fagdidaktiske problemstillingar knytta til fagtekst og skriverettleiing
  • kan vidareutvikla eigen kompetanse på sjølvstendig grunnlag

Krav til forkunnskapar

Opptak til PPU og avlagte 60 studiepoeng i et humanistisk fag

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Seminarundervisning med praktiske øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på minst 75% av seminara.

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAHUM1 kan studentane bli pålagt inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Omfang og fristar for obligatoriske arbeidskrav blir annonsert på Mitt UiB.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Mappevurdering.
  • Mappa skal innehalda to tekster på til saman om lag 3000 ord.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det vert også tilbudt vurdering i undervisningsfritt semester, dersom obligatoriske arbeidskrav er godkjent.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Hans Marius Hansteen

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@fof.uib.no

Tlf 55 58 23 82

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    20.09.2019
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 1

      Innleveringsfrist
      11.10.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 2

      Innleveringsfrist
      20.12.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen