Hjem
Studentsider
Årsstudium

Fagsamtale og munnleg formidling

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Munnlege ferdigheiter er grunnleggjande i alle fag i skulen. Munnleg formidling er sentralt i all undervisning, og samtaler mellom elevar og mellom elev og lærar er sentrale element i læring.

Emnet gjev kjennskap til ulike samtalegenrar ¿ både strukturerte og improviserte ¿ og kunnskap om ulike tradisjonar for munnleg opplæring. Emnet har som mål å gje studentane eit repertoar av ulike praktiske samtaleformer og omgrep til å reflektera over fagsamtale med. Emnet er tverrfagleg, og nyttar mellom anna teoretiske omgrep og praktiske arbeidsmåtar frå retorikk og filosofisk samtale.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om munnlege ferdigheiter som grunnleggjande ferdigheit i læreplanverket
  • har kunnskap om sentrale omgrep i retorikkopplæring og samtalebasert undervisning
  • har kunnskap om ulike samtalegenrar og metodar i samtalebasert undervisning

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttiggjera ulike samtaleformer og tilnærmingar for samtalebasert undervisning i eige fag
  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera samtalebaserte undervisningsopplegg
  • kan reflektera over eigen undervisning

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta og formidla fagdidaktiske problemstillingar knytta til samtalebasert undervisning og munnlege ferdigheiter
  • kan vidareutvikla eigen kompetanse på sjølvstendig grunnlaga

Krav til forkunnskapar

DIDAHUM1

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminarundervisning med praktiske øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på minst 75% av seminara.

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAHUM2 kan studentane bli pålagt inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Omfang og fristar for obligatoriske arbeidskrav blir annonsert på Mitt UiB.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er eit val mellom ein ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel.

Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåve) skal ha eit omfang på om lag 4000 ord, vedlegg ikkje medrekna. 

Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen. Studenten får 15 minutt av totalt 30 til presentasjonen sin.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@fof.uib.no

Tlf 55 58 23 82

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    26.05.2021, 13:00
    Trekkfrist
    05.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Eksamensperiode
    31.05.2021–04.06.2021
    Trekkfrist
    17.05.2021